Frønningen

Bygda Frønningen ligg mellom Revsnes og innløpet til Aurlandsfjorden, og høyrer til Lærdal kommune. Bygda grensar mot Kaupanger og Fresvik langs fjorden, og mot Aurland og Lærdal statsallmenning på land. Aust-søraust for bygda ligg fjellet Bleia, med ei høgd på over 1700 moh. Bleia naturreservat og skogen frå Indre Frønningen opp mot Bleia, er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Namnet Frønningen

Den etymologiske tydinga av namnet er uviss, men eitt av forslaga er tydinga «godt gjødsla, feit eller grøderik jord». Mange meiner at dette ikkje stemmer med dei faktiske tilhøva. Ei anna tolking av namnet er difor «fråde», avleidd frå fossen på Frønningen, som kan ha båre namnet Frønningr.

Den eldste historia

Berre nokre få arkeologiske funn vitnar om at det har vore menneskeleg aktivitet i området før mellomalderen. Eitt av desse funna er ei fin øks i bergart med bora hol til skaftet, ei såkalla skaftholøks, frå tida då jordbruket kom til bygda mot slutten av steinalderen eller byrjinga av bronsealderen. Dei to andre funna, ei øks og eit spyd, er truleg vitne om aktivitetar i yngre jernalder, dvs. perioden frå 600-1050 e.Kr. Slike funn er vanlegvis knytt til graver, men det er ikkje funne synlege teikn på slike graver i landskapet.

Medan nokre av gardane i bygda ligg nede langs stranda, ligg dei fleste gardane oppe på eit 400-500 meter høgt platå, kalla Flata eller Åsen, som ei tid vart kalla «Lagmannsås». Den eldste busetnaden i bygda ligg her, medan gardane nede ved stranda er noko yngre. Dei skriftlege kjeldene tyder på at tre gardar var busett i mellomalderen. Dette var Lagmannsås, Lagmannsvik (Buene) og Indre Frønningen. Buene var opphavleg naustplassen som høyrde til Lagmannsås. Denne garden fekk truleg namn etter at garden låg under ein lagmann, etter segna sett inn av kong Sverre. Kjeldene fortel òg at Frønningen så tidleg som 12-1300-talet inngjekk i ei større godssamling, adelsgodset til Kvålsætti i Sogn. På 1300-talet vart godset underlagt kongemakta. Ein reknar med at i alle fall delar av bygda låg aude etter Svartedauden i 1349-50.

Godset

Lem-slekta sat lenge med store eigedommar på Frønningen. Truleg hadde Hans Pedersøn Lem fyrst arva eigedomen frå mor si, den kjende fru Inger til Austrått. Då han døydde vart jorda seld, m.a. til Bergensborgarar som dreiv sagbruk. Truleg etter at Nils Pedersen Lem kjøpte eigedomen som del av ei større pakke jordegods i Sogn, var flata Lagmannsås odelsgods for Lem-familien frå 1620-talet. Lem-slekta eigde Frønningen-godset fram til 1869. Då Jan Clausson Rumohr frå garden Rikheim i Lærdal vart inngift i Lem-familien overtok han godset etter at den siste i Lem-slekta døydde utan etterkommarar. Godset er framleis i Rumohr-familien si eige, og dagens eigar er Vilhelm Rumohr.

Skogen og sagbruka

Tradisjonelt kjenner vi ikkje til at det vart drive skogbruk på Frønningen før Svartedauden. Funnet av ei øks frå jernalderen kan likevel tyde på at skogen har hatt ei viktig rolle attende i historia. Fyrst i samband med den hollandske skipsfarta, skipsbygging og gruvedrift, samt framveksten av byane på 15-1600-talet, finst det skriftlege kjelder som fortel om skogs- og sagbruksverksemd på Frønningen. Det vart bygd fleire sager i bygda, på det meste seks oppgangssager. Berre ei av desse, Gamle Sagi, er att i dag. Den store tømmerrenna som førte tømmeret frå Flata og ned til fjorden er ikkje lenger intakt, men restar etter henne er enno synlege. Drifta vart kraftig effektivisert då sagene etterkvart vart bygde nær dei store skogsteigane. Den intensive drifta førde til at det no er lite sagtømmer att, men skogen veks godt på Frønningen, slik at det om nokre år atter står sagtømmer her.

Skule, post og ferje

Medan Lem- og Rumohr-familiane hadde guvernante eller eigen huslærar til ungane sine, gjekk borna elles i bygda på skule annankvar dag. Den fyrste skulen stod på Kvedhushaugen, i nærleiken av Nyborg. I 1961-62 vart det bygt nytt skulehus like ved bruket Stølen på Flata. Dei fleste hadde tung skuleveg. Kanskje spesielt dei som budde på Buene, som hadde ein times skuleveg til fots oppover Buadalen. Andre, slik som dei på Indre Frønningen og Vetlefrønningen hadde sjøveg og måtte bu heimanfrå, t.d. på Stølen.

I 1858 starta Fylkesbaatane den fyrste ruta si i Sogn. Etter påtrykk frå godseigaren, stoppa rutebåten på Frønningen på signal. På den måten vart det omsett varer, og utveksla post og telegram. Fram til om lag 1965 heldt post- og telegrafkontoret til i hovudhuset, medan godseigaren fungerte som ekspeditør og postopnar. Etter dette vart kontoret flytt ned til kaia.

Det moderne Frønningen

Frønningen spela ei viktig rolle under siste vekene av 2. Verdskrigen, då motstandsgruppa «Siskin» heldt til her med sine våpenlager. Etter krigen har folketalet gradvis gått nedover til om lag 15 fastbuande i 2007. Frønningen grendalag som vart skipa i 1991, har gjort ein stor innsats for å bevare Frønningen som eit levande bygdesamfunn, trass i det låge innbyggjartalet. Frå 1998 dreiv Frønningen Turistservice restaurant og landhandel nede ved sjøen, men dette er no nedlagt.

Frønningen er i dag den største skogeigedomen på Vestlandet, med eit samla areal på 65 000 dekar. Av desse er om lag 50 000 dekar skog. På Frønningen er det mogleg å vitja hovudhuset, oppgangssaga og gardsmuseet som består av gamle sognehus, samla av kunstnaren Knut Rumohr. Frå ferja mellom Kaupanger og Gudvangen er det råd å bli sleppt i land på Frønningen dersom ein ber om det spesielt. Men hugs på å avtale henting med ferja på vegen heim att!

(Foto: Magnhild Aspevik)

Les om våre partnarar