Fresvik

Bygda FresvikBygda Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden like ved inngangen til Aurlandsfjorden. Bygda høyrer no til Vik kommune, men låg tidlegare under Leikanger. Bygda livnærer seg fyrst og fremst av tradisjonelt jordbruk og turisme basert på den vakre naturen og ei rik kulturhistorisk arv.

Stadnamnet Fresvik

Namnet på bygda var opphavleg Frøysvik, avleidd av det norrøne gudenamnet Frøy. Frå den norrøne mytologien kjenner vi Frøy som ein av vanegudane, som etter eit oppgjer med æsene vart utveksla til desse som gissel samen med far sin, Njord og systera Frøya. Framfor alt var Frøy gud for grøderikdom og ver, i tillegg til velstand, lukke og fred. Mykje tyder på at Frøy var ein svært mykje dyrka guddom i eldre jernalder, ei tid då grøde og vokster var av stor tyding for menneske som rydda gardar og livnærte seg av jorda. Per H. Bøthun såg for seg at garden Hov kunne vore staden der hovet (det norrøne gudshuset) til Frøy hadde vore.

Opphavsgarden

Mykje peikar mot at garden Bøtun er den eldste garden i bygda, og at dei andre gardane spring ut frå denne. Dette byggjer i stor grad på etymologien, der namnet «bø» kjem frå det gamalnorske «bær/byr», med tydinga gard. Stilt samen med namneleddet «-tun» er det nærliggjande å tru at dette til samen tyder «tunet på garden». Dette kom kanskje til etter at folketalet på garden auka, og fleire tun vart utskilte. Namnet botnar såleis i eit behov for å namngje det eldste tunet på opphavsgarden.

Fresvikbreen

Fresvikbreen dekkjer eit område på om lag 15 km2, og ligg aust for fjellet Huldakyrkja, aust for Fresvik-bygda. Det høgste punktet på breen ligg 1648 moh., men brearmane byrjar ved 12-1300 moh. På brearmane har ein kunne ferdast utan tau, i motsetnad til sjølve hovudbreen (Fresvikbreen), nokre hundre meter unna. Sør for breen ligg Langafjellet og Handadalseggi med sine 1511 og 1431 moh. På Handadalseggi er det funne fangstanlegg i form av leiegjerde, dyregraver og bogastille til bruk for fangst av villrein. Slike leiegjerde finst òg ved Fresvikbreen, der nokre av dei forsvinn inn under brekappa. Dette er eit synleg prov på at breen hadde ei mindre utbreiing i den tida fangssystema var i bruk, tilbake i jernalderen eller tidlegare.

Ei huldresegn frå Heljedalen

Aust for Fresvikbreen ligg Heljedalen, der det tilbake i tid låg ein fjellstøl. Ei segn frå denne stølen fortel at dei var mykje plaga med huldrer, og at dette særleg gjaldt ei ung budeie. Kvar einaste laurdag vart ho jaga av huldrefylgjet og ein huldrekall som ville gifte seg med henne. For å halde dei underjordiske vekke måtte kjærasten til jenta komme til stølen og spele på munnharpa si, men ein kveld han hadde mist harpa, byrja huldrefylgjet å pynte jenta til brur. Det enda med at guten måtte hente presten, som då bar heilag eld ut i dalen og skremde vekk huldrene. Etter den dagen skal dalen ha bore namnet Heljedalen.

Fresvik-Jordalen

Alle gardane i bygda hadde fjellstøl i Fresvik-Jordalen. Stølsvegen er 3 mil lang, tek 6-7 timar å gå, og går høgt over havet. På enkelte punkt kryssar vegen utkanten av breen, og høgste punktet ligg på Rjupeskar, på 1240 moh. Eit landemerke på stølsvegen er Fresvikvarden som har vorte ofra til opp til våre dagar. I bygdeboka frå 1965 la Per H. Bøthun fram ein interessant teori om at varden, som opphavleg skulle ha bore namnet Røssevarden, var bygd til guden Frøy. Dette kjem av det gamalnorske ordet «hross» (=hest), og kunnskapen om at Frøy var forbunde med hestar og hestekult. Fresvik-Jordalen er kjend for å vere eit særs godt beiteområde, og vi kjenner til fleire døme på strid mellom folk frå Fresvik og Vik om retten til bruken av stølsområda.

Fresvik i nyare tid

I dag bur det omlag 280 menneske i bygda og sett bort frå gardane er Fresvik Produkt den størte arbeidsplassen. Det er mest liv i bygda om sommaren når det kjem både norske og utanlandske turistar. Den vakre naturen og dei gode turmoglegheitene utgjer her den største attraksjonen.

(Foto: Ruben Bøtun)

Les om våre partnarar