Flåm

Bygda Flåm og Flåmsdalen, som til saman utgjer Flåm sokn, ligg i inste enden av Aurlandsfjorden. Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet. Dette skuldast i stor grad opninga av Bergensbana i 1909, og Flåmsbana i 1940.

Den fyrste busetnaden

På bakgrunn av topografi, vegetasjonshistorie og arkeologiske funn, meiner arkeolog Svein Indrelid at Fretheim og Flåm må reknast som dei eldste gardane i Flåm. På begge gardane låg det opphavleg store gravfelt, der funn frå eldre jernalder peikar mot at dei to opphavsgardane er minst 2000 år gamle. Dei eldste funna på andre gardar som t.d. Brekke er frå vikingtid, dvs. perioden 800-1050 e.Kr. Tidfestinga av desse funna, i tillegg til topografiske tilhøve, gjev grunn til å tru at denne garden vart frådelt frå Fretheim ein gong i løpet av yngre jernalder (600-1050 e.Kr).

Jernvinna i fjellet

Samstundes med den fyrste busetnaden nede i dalen, vart det drive stor produksjon og smiing av jern i fjellet ved Flåmsdalen, ved Seltuftvatnet, i Gudmedalen og ved Ryggvedlevatn. Saman med denne aktiviteten er det òg funne spor i pollendiagram som tyder på beiteaktivitet. Dette syner at det kan ha vore gardbrukarar frå Flåmsdalen som dreiv jernvinne og nytta fjellområda som stølar om sumaren.

Gardsdrift og utvandring

Frå to opphavsgardar i eldre jernalder, utvikla det seg fram til 1800-talet fleire gardar og husmannsplassar i bygda. Sjølv om dei fleste gardane var gode, var det òg nedgangstider og naud som fylgje av pest i seinmellomalderen, og krig på 16-1700-talet. I likskap med dei andre bygdene i Aurland vart Flåm ramma av ei utvandringsbylgje på 18- og 1900-talet. Dei fyrste utvandrarane frå Aurland kommune kom m.a. frå Flåm, og besto av ei familie på fire som til då hadde vore busett på Midtgarden. Dei reiste med skipet «Juno» frå Bergen til Amerika i 1844, og brukte 5 ½ veke på reisa over havet. Kjeldene viser at heile 500 menneske utvandra frå Flåm til Amerika i tida mellom 1844 og 1914.

Omveltinga i bondesamfunnet

Det seier seg sjølv at utvandringa tappa bygda for både folk og ressursar, og på toppen av dette kom industrialiseringa som òg slukte mykje arbeidskraft. Desse tilhøva gjorde det vanskeleg å halde fram med den tradisjonelle gardsdrifta. Som fylgje vart det ei endring frå naturalhushald til pengeøkonomi, nye landbruksmaskiner vart tekne i bruk, og i tillegg vart gardsarealet utskifta. Utskiftinga førte til at dei tradisjonelle klynge- og rekketuna vart oppdelte, og at husa på dei ulike bruka vart spreidde på einskilde tun. Det gamle systemet med teigblanding endra seg til at jorda vart samla til større og meir brukarvenlege einingar.

Rallarvegen

Rallarvegen kom til som resultat av bygginga av jernbanen mellom Bergen og Christiania (Oslo) i perioden 1894 til 1909. For å kunne byggje jernbanelina var det behov for anleggsvegar frå bygdene og opp på fjellet. Rallarvegen strekker seg frå Haugastøl til Myrdal, om Flåm og til Voss. På det høgste ligg vegen på 1300 moh. Dei som bygde jernbanene i Noreg vart kalla «rallarar», noko som seinare gav namn til vegen. På det meste var om lag 2400 personar i arbeid på Bergensbana.

I 1974 vart Rallarvegen opna som sykkelveg, men interessa for bruken tok seg fyrst opp på slutten av 1980-talet. Etter dette har sykkelruta vorte eit populært ferietilbod, nytta av om lag 20 000 syklistar årleg. Rallarvegen står i dag som eit godt døme på anleggsmetoden ein nytta tidleg på 1900-talet, med intakte murar og bruer frå anleggstida.

Flåmsbana

Flåmsbana går gjennom mektig vestlandsnatur med bratte fjellsider, fossar og elver. Tog strekninga er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg. Bana kom til då det under bygginga av Bergensbana vart bestemt at det skulle byggjast ei sidebane frå denne og ned til Sognefjorden. Fyrst i 1916 vart det bestemt at traseen skulle gå frå Myrdal til Flåm. Denne sidestrekninga hadde ei lang anleggsfase frå 1923 til 1946. Grunna det steile terrenget måtte det byggast tunnelar på heile 1/3 av den totale strekninga. Ras og ulukker i samband med bygginga av bana var ikkje uvanlege hendingar gjennom desse åra.

Bana har vore i drift sidan 1941, og er i dag mest å rekne som ei regulær turistrute. I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet med utstillingar om jernbanehistoria, og gjenstandar frå anleggstida.

 

Les om våre partnarar