Dyrdal

Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det særprega klyngetunet nede ved fjorden, og for eit gjestfritt miljø for turfolk på fjellgarden Drægo. I grenda som ein gong hadde langt over hundre innbyggjarar, finst det ikkje lenger gardar i drift.

Vitne om jakt og fangst

Dyrdal er ein hengedal som strekk seg i retning nordvest frå vestsida av Nærøyfjorden. Nede ved fjorden ligg gardane Arnehus og Dyrdal. Sistnemnte på eit tidlegare elvedelta, der husa er trygge for snøras. Midt i dalen ligg bruket Drægali (del av garden Drægo), medan Drægo ligg øvst i dalen. Dalen ender opp på fjellet Handadalseggi, 1453 moh.

Ovanfor Drægo, både på Langafjellet og Handadalseggi, mellom Styvisdalen og Langafjellet, ligg det store fangstsystem samansett av leiegjerder, dyregraver, bogastille, skremmesteinar, stup og kløfter. Systemet er bygd opp med tanke på fangst av rein og fungerte slik at dyra, ved hjelp av skremmesteinane og leiegjerdene, vart skremde mot dyregravene og stupa. Når dyra fall utfor eit stup eller ned i ei grav, var det ei enkel oppgåve å hente fangsten for jegerane. Frå dyregravene og stupa i Handadalen eller Tundalen vart dyra frakta ned til Dyrdal via Drægo og Drægali. Alle gardsnamna er klare vitne om nettopp draging av dyr. Fangstanlegga vitnar om organisert jakt langt tilbake i tid, kan hende i jernalderen (500 f.Kr. – 1000 e.Kr).

Dyrdal i mellomalderen

Eit dokument frå 1370-åra som omhandlar sal av eit jordstykke indikerer at Dyrdal, ulikt mange andre grender, ikkje vart avfolka som fylgje av Svartedauden. Det er òg funne materielle bevis på at det levde folk i grenda i mellomalderen. Dette dreier seg om fire hustufter på stølen Vassete som ifylgje bygdebokforfattar Åsmund Ohnstad må vere av mellomalder-type i storleik og form. I grenda finst det òg tradisjon om ei segnkyrkje, som skal ha stått på Kolgrov ovanfor Arnehus i mellomalderen. Undersøkingar andre plassar på Vestlandet har vist at slike segner kan vere tufta på fakta, noko som ikkje gjer segna mindre interessant.

Livet i bygda

Likt alle andre plassar i området var det eit stort spekter i næringsgrunnlaget i Dyrdal. I tillegg til dyrehald og jordbruk, gav utmarka andre viktige tilskot til gardsøkonomien utanom jakta. På stølen Lægdene var det midt på 1800-talet god furuskog som vart hoggen. Namnet Sagelvi nedanfor stølen vitnar også om tidlegare sagbruksaktivitet. Styving av or, bjørk og lind var ei viktig næring som gav vinterfôr til dyra. Greinene på trea måtte haldast tynne for kunne nyttast til fôr. Trea vart difor haldt nede i passeleg arbeidshøgd slik at dei nye greinene kunne skjerast av og turkast og bli frakta til garden ved hjelp av båt eller slede om vinteren.

Ting- og gjestgjevarstad

Frå 1737 og til langt ut på 1800-talet var Dyrdal tingstad for Nærøy. Tinghusa låg ved sjøen på garden Arnehus, som òg hadde status som privilegert gjestgjevarstad. Det er nærliggjande å tenke seg at Arnehus og Dyrdal fekk denne rolla som ting- og handelsstad grunna tradisjonen staden hadde som lasteplass for jaktprodukt. Ettersom landevegen mellom Gudvangen og Bergen vart meir og meir utvikla, endra trafikkmønsteret seg, og Arnehus vart etterkvart usentral. Dette enda med at Gudvangen overtok gjestgjevarfunksjonen, og at ein i 1875 flytta nokre av husa frå Arnehus inn til Gudvangen, og reiste dei att der som gjestgjevarbygning.

Den kloke karen og hospitalet

Eit særtrekk i Dyrdal er at dei hadde eige hospital på 1800-talet. Dette skuldast den kloke karen Jens Larsen Drægelid som opphavleg var bonde på bruket Drægali. Etter å ha lese om tradisjonell plantemedisin lærde han seg lækjarkunsten, og vart ein vidgjeten bygdedokter. På staden «alle slag skòri» og på Solaløysa på austsida av fjorden, fann Jens dei urtene og plantene han trengde i medisingjerninga. Då Synneva Olsdotter Dyrdal, kona til Jens, omkom i ei fallulukke, overtok sonen garden medan faren bygde eit hus til seg sjølv og ei stove til å ta imot dei sjuke lenger ned mot tunet på Dyrdal. På det meste kunne Drægalien, som han vart kalla, ha 8 sengeliggjande pasientar på hospitalet.

Dyrdal i dag

I 1926 fekk staden kai og berre tre år etter eige postkontor. No er igjen postkontoret nedlagt, og heller ingen fastbuande att. Dyrdal vert i dag nytta av turgåarar som på turen får oppleve det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen. I tillegg kan turfolket få måltid, overnatting og kulturhistoriske vandringar på Drægo, der det no er drift om sommaren.

Les om våre partnarar