Bakka

Grenda Bakka

Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store delar av byutviklinga av hovudstaden Christiania. Grenda er også kjend for den populære Verdsarvturen som kvart år tek til mellom Bakka og Tufto.

Borga

Rett søraust for bnr. 2, lengst sør i grenda, ligg ei lita høgd kalla Borgahaugen. Tradisjonelt vert det sagt at det skal ha ligge ei bygdeborg på haugen. Dette er ei spanande segn, men ser ein på plasseringa til Borga, skil denne seg frå den klassiske plasseringa av bygdeborgar. For å kunne fungere som ein god tilfluktsstad måtte ei slik borg ligge på ein topp i terrenget, helst med svært bratt tilkomst, slik at det vart lett å stenge fienden ute med murar der det elles var mogleg å komme til. I arkiva les ein ofte om borg-namn i samband med gravhaugar og røyser. Dette kan vere forklaringa på namnet, ettersom det visstnok kal ha ligge ei røys på staden.

Kvinnegrav med vev

I ei anna røys som låg 200 meter nord for stova på garden vart det funne fleire kljåsteinar. Kljåsteinane var truleg utforma i kleber eller skifer og brukt som tyngder nedst på renninga på ein oppstadvev. Oppstadveven vart mest brukt i yngre jernalder og i vikingtida, og vevinga var hovudsakleg kvinnearbeid. Teknikken går ut på at den som vever står oppreist under arbeidet, det vert ikkje brukt skyttel, og skiljet skiftast med hendene. I tillegg vert innslaget slått med ei vevskei.

Ein god gard ved fjorden

Det er nærliggjande å anta at Bakka og Tufto opphavleg har vore del av ein og same gard, ettersom dei vert omtala som indre og ytre Bakke i kjelder opp til 1600-talet. Ytre Bakke (Tufto) vart fråskilt som eigen gard rundt 1750. Allereie rundt 1700 var folketalet på garden høgt, sett i høve til dei andre gardane ved Nærøyfjorden. Dette tyder på at garden var relativt stor. At gardfolket på Tufto på 1700-talet vart rekna som velstandsfolk viser òg at garden gav eit godt utkome. Såpass vidgjeten var rikdomen til bonden på Tufto, at det går ei segn om at rikdomen skulle komme frå den store gravrøysa på Holmo, på motsett side av fjorden. Sanninga er nok heller at folket på Tufto var både gode arbeids- og handelsfolk.

Bruken av utmarka

Gardane i grenda Bakka henta mykje av utkomet sitt i utmarka. Av utmarksnæringane var særskilt stølsdrifta avgjerande for talet på husdyr ein kunne fø på gardane. Til saman har det ligge seks stølar under dei to gardane: Flåtane, Seltuft, Stølsnes, Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Vegen opp til fjellstølane var opphavleg ein godt opparbeida kløvjeveg, somme plassar med fine oppmuringar. Vegen heiter det same som ein av stølane, Rimstigen. I Johan Fritzners Ordbog over Det gamle norske Sprog, vert ordlekkjen -rim forklart som eit gamalnorsk ord med tydinga spile eller reim. Tydinga av namnet kan difor spele på noko som er smalt og langt.

Stadnamn fortel ofte mykje om tidlegare aktivitet på gardane og i utmarka. På Bakka finn vi stadnamnet Kolmilebakken som fortel at produksjon av trekol truleg har vore ei utmarksnæring ein gong i tida. Langs stølsvegen står det m.a. fleire almar som ber preg av styving. Truleg var det særskilt dei mange husmennene som nytta seg av denne ressursen, i tillegg til utmarksslått og fiske. Husmannsplassane låg heilt ned ved sjøen, og tuftene og murane er enno godt synlege i tillegg til fleire av nausta.

Den kvite kyrkja

I kjelder frå 1300-talet kan vi lese at kyrkja i Undredal var jordeigar og tok inn landskuld frå garden Bakka. På slutten av 1700-talet fekk bøndene høve til å kjøpe kyrkja og jorda si av kongen, og vart på den måten sjølveigarar. Etter å ha sokna til Undredalskyrkja i fleire hundre år, oppstod det diskusjon kring plasseringa og storleiken på kyrkja. For dei som sokna til kyrkja og budde i Nærøyfjorden og Nærøydalen var vegen til kyrkje både lang og utrygg, særskilt om vinteren. Eit forslag på løysing av desse problema var å flytte Undredalskyrkja til Nærøy. I 1855 vart det vedteke å opprette eit eige sokn i Nærøy. Dette kom etter eit lovpålegg om at alle kyrkjer måtte vere store nok til å romme 1/3 av dei busette i soknet. Det vart då bestemt at kommunen skulle overta kyrkja i Undredal mot at bøndene på Bakka kosta ny kyrkje der. Det enda såleis med at kyrkja i Undredal vart ståande, og at ei ny kyrkje vart teikna av den kjende arkitekten Christian Henrik Grosch. Ho vart vigsla i 1859.

Eit særmerkt miljø

Mange av bygningane på Bakka ser framleis ut som dei gjorde då dei vart bygd på 1800-talet, og tidlegare. Som heilskapleg miljø har desse stor verdi. I tillegg har einskilde bygningar stor verdi åleine. Dette gjeld t.d. eit stort naust som ligg i Blombakkaviki, med massive veggar av stein og gavlar av tre. Naustet er truleg det eldste naustet i grenda, og konstruksjonen er av ein type som strekk seg langt tilbake i tid. Våningshuset på bnr. 5 er eit tidleg døme på stovehus av midtgangstypen. Huset har klassisistisk inngangsparti og ark midt på framsida, noko som tyder på eit byggetidspunkt tidleg på 1800-talet. Likevel kan den eine delen av huset vere noko eldre.

Eit besøk på Bakka byr på opplevingar av dette godt bevarte bygningsmiljøet, og eit kulturlandskap som står i stil. Ved å ta turen opp Rimstigen får ein mogelegheit til å tenke over kva stølslivet innebar i tidlegare tider, samt få med seg store naturopplevingar. Turen vert rekna som relativt krevjande både med tanke på stigning og lengd, men er likevel svært populær blant turistar og lokalbefolkning.

Les om våre partnarar