Aurlandsvangen

Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette innbefattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygdevatnet. Tradisjonelt har gardane frå Vangen og nordover vore rekna som ei eiga bygd, Utbygdi. Området som her nemnast Aurlandsvangen har ei variert soge som strekk seg langt attende i tid.

Den eldste tida

Før gardane i Aurlandsområdet vart busette vart området truleg nytta på same måten som dei andre bygdene i området, i form av veiding i fjellet. Rundt Blåskavlen er det funne fleire fangstsystem med både bogastille, dyregraver og stup. Det finst ikkje eksakte dateringar for tidspunktet då drifta på gardane vart tekne opp, men graver frå førromersk jarnalder (500 f.Kr.-år 0) syner at både Aurdal og Onstad allereie då var i drift.

Aurlandsgodset

Frå den islandske ættesoga Eigilssoga, skriven på 1200-talet, kjenner vi ei mektig ætt kalla Aurlandsætta. Aurlandsætta rådde i store deler av Indre Sogn frå midten av 900-talet, og hadde ætteband til andre norske stormannsætter og til utlandet. M.a. hadde ei namngjeven kvinne, Rannveig, nære band til Olav Kyrre og det danske kongehuset. Det er òg hevda at kong Sverre si mor, Gunnhild Sultan, stamma frå Aurlands-ætta. Aurlandsætta kunne skilte med slektskapsband til dei såkalla Armødlingane på Giske på Sunnmøre, til Reins-ætta i Trøndelag, samt enkelte stormannsætter i Skottland og Irland. Det er sannsynleg at gardane Vinjum, Sult og Aurdal utgjorde kjernen i det vi kan kalle Aurlandsgodset. Desse gardane har òg gravhaugar frå vikingtida som styrker denne teorien.

To kyrkjer

I samband med innføringa av kristendommen i Noreg ser vi at mektige ætter ofte bygde kyrkjer for å markere tilhøyret sitt til den nye religionen. Like mykje som desse handlingane var tufta på religiøs overtyding, er det grunn til å tru at kyrkjebygginga var ledd i alliansebygging og maktstrukturar. Den fyrste kyrkja vi kjenner til er stavkyrkja på Rygg, som vart riven kring 1570. Kyrkja er fyrst nemnd i skriftlege kjelder i 1322, men var truleg eldre enn dette. På 1200-talet vart den gotiske steinkyrkja som i dag står på Vangen bygd. Steinkyrkja tok fyrst over som soknekyrkje då Ryggkyrkja vart riven, og truleg var det Aurlandsætta som stod bak bygginga av begge desse kyrkjene. Dette kan ha verka styrkande på bindingane mellom Aurlandsætta og kongemakta, og sambandet med ætter utanfor Noreg.

Bygdesentrum og tingstad

Fram til midten av 1800-talet, fungerte området nedanfor steinkyrkja på Vangen som bustad for strandsitjarar, naustplass og allmenning. Fram til dette tidspunktet var garden Sult (no: Onstad) på austsida av elva innehavar av viktige funksjonar i bygda. Dette hadde m.a. å gjere med ferdslevegar, der Salthella fungerte som naturleg bryggje, i tillegg til at vegen austover mot Vassbygdi gjekk på Onstad-sida, om gardane Tokvam og Loven. Den sentrale plasseringa førte til at garden fekk både handels- og gjestgjevarprivilegium på 1700-talet. I tillegg vart garden bustad for lensmannen, samt fast tingstad. Den store gravhaugen Tinghaugen, kan tyde på at staden òg hadde hatt denne funksjonen tidlegare. Då det i 1870 kom bru over elva, dampbåtbryggje på Vangen, og ny veg nord for elva i 1924 vart desse sentrumsfunksjonane flytte frå Onstad til motsett side av elva.

Frå prestegard til økologisk jordbruksskule

Frå omlag 1650 var garden Aurdal prestegard, og overtok truleg denne funksjonen frå Aabelheim på Vangen som var rekna for å vere ein svært skrinn gard. Samanlikna med andre gardar i distriktet har Aurdal uvanleg stor innmark, noko som truleg peikar attende til tida då garden var del av Aurlandsgodset. Ei rekkje prestar dreiv, og prega garden fram til han i 1937 vart teken over av Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Skulen vart oppretta i 1917, men Aurdal vart den fyrste skulegarden. På 1980-talet byrja skulen å vinkle seg inn på økologisk drift. I dag er SJH den einaste landbruksskulen i landet som i sin heilskap er godkjend som økologisk av kontrollorganisasjonen Debio. Med arrangement og kurs, samt drift av ein økologisk gardsbutikk, utgjer skulen ein drivande kraft i heile Aurland og delar av Indre Sogn. I høve til den økologiske satsinga, søkjer Aurland kommune i 2007 om å bli føregangskommune for utvikling av produksjon og forbruk av økologisk mat.

Les om våre partnarar