Verdiskapingsprogram

Nærøyfjorden Verdsarvpark deltek i statlege verdiskapingsprogram på kulturminneområdet og naturarvområdet. Begge programma har fokus på vern gjennom berekraftig bruk og det utvida verdiskapingsomgrepet som rommar både økonomisk, sosial, miljømessig og kulturell verdiskaping.

 

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart oppteken i Verdiskapingsprogrammet for kultuminneområdet i 2007, og er eit av 11 pilotprosjekt innan programmet.

Kulturminne må i større grad takast i bruk for å utvikle levande lokalsamfunn og vere ressursar for verdiskaping i næringslivet. Dette er nedfelt i stortingsmeldinga «Leve med kuturminner» som vart vedteken i 2005. Som eit av fleire tiltak for å stimulere til dette, starta Miljøverndepartementet* og Riksantikvaren opp Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Målsetjinga er at kulturminne og kulturmiljø blir teke i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv og å utvikle modellar for samarbeid mellom eigarar, rettshavarar, næringsliv, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar.

Kulturminnefondet disponere midlar som er øyremerka restaureringsprosjekt i områda som inngår i verdiskapingsprogrammet og som fell innanfor målsetjingane om verdiskaping. Verdsarvparken kan hjelpe fram gode prosjektsøknadar om midlar, m.a. frå Kulturminnefondet. Prosjekt som rettar seg mot ålmenta vert i den samanheng prioritert.
Fase 1 av programmet er avslutta.

*Miljøverndepartementet heiter no Klima og miljødepartementet. 

 

Naturarven som verdiskaper

Lokale prosjekt som nyttar naturarven til verdiskaping i distrikta vert støtta av regjeringa gjennom programmet «Naturarven som verdiskaper», etablert i januar 2009.  Nærøyfjorden vart teken opp som eit av ti hovudprosjekt i programmet i mai 2009. Namnet på prosjektet er «Verdiskaping skjer i møtet», og fell i stor grad saman me visjonen, måla og satsingane or sjølve Verdsarvparken.

Det overordna målet i prosjektet er å styrke haldninga om at verdsarven har og er ein særlig verdi for kvar einskild. Dette skal gjerast gjennom delprosjekta:

  • Skjøtsel som utløysande faktor for verdiskaping

  • Interpretasjon (informasjon, formidling, vertskap)

  • «Fjordsenter på nett»

  • Bli bygdevert-kurs

  • Sti og løypesatsing

  • Produktutvikling

  • Delprosjekt Berekraftige Nærøyfjorden

Hovudmålet med programmet er å bidra til at verneområdet og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutvikling, og samstundes betre samarbeidet om verneområda.

 

I samband med fase 1 av verdiskapingsprogrammet som parken var ein del av laga Riksantikvaren filmar frå dei ulike prosjekta, dette er filmen som vart laga om Nærøyfjorden Verdsarvpark:

 
Les om våre partnarar