Restaureringsplan for Nærøyfjordområdet

Kulturarven tilfører naturlandskapet i Nærøyfjordområdet ein utdjupande kulturell dimensjon, og har i lag med naturkvalitetane bidrege til at området vart tilskrive verdsarvstatus i 2005. Bygningar og bygningsmiljø er ein viktig del av kulturarven. Det er imidlertid trong for ein oppdatert og heilskapeleg oversyn over kva som finst av verneverdige bygningar og bygningsmiljø i verdsarvområdet – ein oversyn som også seier noko om tilstand, kostnader med restaurering og potensiale for bruk, slik at det vert skapt føresetnad for planmessig og profesjonell ivaretaking av denne delen av verdsarven. Enkeltbygningar og bygningsmiljø er viktige kulturhistoriske dokument, men og ein viktig ressurs for verdiskapinga i lokalsamfunn og region.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sette i 2010 i gang eit arbeid med ein restaureringsplan for Nærøyfjordområdet. Prosjektet er eit resultat av ein lengre prosess med drøftingar der både Sogn og Fjordane fylkeskommune, Verdsarvrådet, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren har vore involvert. Prosjektet er også tufta på målsetjingar for forvaltninga av Nærøyfjordområdet i henhold til forvaltningsplanen som Fylkesmannen har utarbeidd for området, og vil samkøyrast med verdsarvkommunanen sine eigne Kulturminneplanar.

Restaureringsplanen vil kun omfatte verneverdige bygningar og bygningsmiljø, samt teknisk-industrielle kulturminne, innafor verdsarvområdet sine grenser. Planen skal synleggjere vernekriterier, tilstand/ tiltak og i nokre tilfelle kostnader knytt til istandsetjing. Den skal også skissere moglegheiter for bruk, gje ein oversyn over viktige tilskotsordningar for bygningsverntiltak og gje nyttige råd og tips for ulike fasar av arbeid med restaureringsprosjekt.

Planen skal ha nytteverdi for eigarar av verneverdige bygningar og bygningsmiljø, og skal samtidig fungere som eit rettleiande dokument i ulike samanhengar for forvaltninga.

Nærøyfjorden Verdsarvpark har leigd inn arkitekt Jarle Sandvik som prosjektleiar for restaureringsplanen. Sandvik har hovudansvaret for kartleggingsarbeidet og utforming av planen. Parkadminstrasjonen ved parkforvalter for kulturminne fungerer som sekretær og koordinator for prosjektet. Viss Verdsarvparken får på plass ein restaureringshandverkar før prosjektperioden er omme, vil vedkomande verte trukke inn i arbeidet også.

Vurdering av verneverdiene til bygningane og bygningsmiljøa og prioritering mellom desse er det styringsgruppa som skal stå for, i lag med verdsarvkommunane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Hordaland. Styringsgruppa er samansett av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, Riksantikvaren og parkadministrasjonen. Det vert også høve for eigarer og andre interessepartar å kome med innspel til innhaldet i planen. Når første utkast til planen ligg føre til offentleg gjennomsyn, vil dette verte kunngjort.

Arbeidet med restaureringsplanen er finansiert med hjelp av statlege midlar frå ordninga Tilskot til kulturminne på verdsarvlista.

Restaureringsplanen skal vere ferdig i løpet av 3. kvartal i 2012.

Notatet frå bygdemøta om restaureringsplanen hausten 2011 finn du her.

Foredraget «Kva er verneverdige bygningar?» av Arlen S. Bidne, rådgjevar ved Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, finn du her.

Les om våre partnarar