Oppfylgjingskonferanse: Fjordforvaltning

Dialogkonferanse: Fjordturisme

Nærøyfjorden Verdsarvpark prosjekt Levande Fjord inviterte i oktober 2015 til open dialogkonferanse med tema Fjordturisme. 

 

UNESCO sin intensjon med Verdsarvlista er å nytte den auka  attraksjonskrafta statusen fører med seg til å utvikle næring som bidreg til å styrke verdsarvkvalitetane og forvaltinga av desse. 
Me har som nasjon, region og lokalsamfunn teke på oss eit ansvar for å forvalta verdsarvstausen for Vestnorsk  Fjordlandskap innanfor denne ramma.

 

Aktørar som i si verksemd tek gjennomgripande ansvar for fjordmiljøet bør på ein eigna måte ha fortrinn med omsyn til å assosiere seg med verdsarvstatusen. 

Denne første dialogkonferansen vil konsentrere seg om cruise. Seinare konferansar vil ta føre seg dei andre formene for fjordturisme.

 

Føremål: å skape ein arena for dialog mellom ulike partar som vil samhandle om å forstå nosituasjonen og avdekke utfordringar og finne dei framtidsrettaløysningane for ein berekraftig fjord. 

 

Rapporten frå Dialogkonferans om fjordturisme finn de her. 

 

 

Dialogkonferanse: Cruiseturisme

Nærøyfjorden Verdsarvpark prosjekt Levande Fjord inviterte til open dialogkonferanse med tema CRUISETURISME 28. januar 2015 i Flåm. 

UNESCO sin intensjon med Verdsarvlista er å nytte den auka  attraksjonskrafta statusen fører med seg til å utvikle næring som bidreg til å styrke verdsarvkvalitetane og forvaltinga av desse. 
Me har som nasjon, region og lokalsamfunn teke på oss eit ansvar for å forvalta verdsarvstausen for Vestnorsk  Fjordlandskap innanfor denne ramma.

Aktørar som i si verksemd tek gjennomgripande ansvar for fjordmiljøet bør på ein eigna måte ha fortrinn med omsyn til å assosiere seg med verdsarvstatusen. 

Denne første dialogkonferansen vil konsentrere seg om cruise. Seinare konferansar vil ta føre seg dei andre formene for fjordturisme.

Føremål: å skape ein arena for dialog mellom ulike partar som vil samhandle om å forstå nosituasjonen og avdekke utfordringar og finne dei framtidsrettaløysningane for ein berekraftig fjord. 

Rapporten frå konferansen finn du her: Rapport dialogkonferanse Cruiseturisme. 

SognaVERTKurs

SognaVERT-kurset vart arrangert for fyrste gong i 2014 og var eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark,Visit SognefjordRessurssenteret på Sogn Jord og Hagebrukskule SJH, og verdiskapingsprosjektet Mellom Fjell, fjord og folk i Luster.  Kursa i dag vert drifta gjennom Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark og Visit Sognefjord. 

Innhald på kursa:

  • «Godt Vertskap», Vertskapet Utvikling Märit Torkelson er ein kursleiar i toppklassen når det kjem til vertskapsrolla.
  • «Geologi, biologi og kulturlandskapet: Verdsarv- og Naturverdiane i Sogn»-  Representantar frå lokal naturforvaltning, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Nærøyfjorden Verneområdestyre.
  • «Lokale næringar, attraksjonar og meirsal»- Lokale føredragshaldarar.  
  • Sjølvstudie: Besøk hjå seks einskilde attraksjonar, opplevingar, serveringsstadar, m.m.

Kursa er retta mot tilsette i reiselivsveksemder, men passar òg tilsette i butikkar, kommunetorg, og andre som lever og bur i Sognaregionen.  

På kursa set ein fokus på korleis ein kan skapa ein kultur som brenn for vertskap, og korleis me kan løfte Sogn som ein destinasjon i fellesskap. God kunnskap om det området me bur, lever og ikkje minst arbeidar i er òg viktig, difor har SognaVERTen òg eit fokus på lokalkunnskap innan lokalmat, kultur, natur og historie. Ein viktig del har òg vore at deltakarane og føredragshaldarane får servert lokale smakar. 

 

SognaVERTkurs sommaren 2016. 

13.juni Kveldskurs med Vertskapet AS i Aurland

14. Juni Dagskurs med Vertskapet AS og Lokalkunnskap på Sogn Folkemuseum på Kaupanger. 

20. juni Kveldskurs med tema Lokalkunnskap i Undredal.

Programplakat kan lastast ned her. 

Påmeldinga vert gjort gjennom heimesida til Ressurssenteret-SJH

Sognavertkurs 2015 på Sivle Gard. 

Sognavertkurs 2015 på Sivle Gard. 

 

Bilete frå Kurset i Sogndal 12. juni 2014

Restaureringsplan for Nærøyfjordområdet

Kulturarven tilfører naturlandskapet i Nærøyfjordområdet ein utdjupande kulturell dimensjon, og har i lag med naturkvalitetane bidrege til at området vart tilskrive verdsarvstatus i 2005. Bygningar og bygningsmiljø er ein viktig del av kulturarven. Det er imidlertid trong for ein oppdatert og heilskapeleg oversyn over kva som finst av verneverdige bygningar og bygningsmiljø i verdsarvområdet – ein oversyn som også seier noko om tilstand, kostnader med restaurering og potensiale for bruk, slik at det vert skapt føresetnad for planmessig og profesjonell ivaretaking av denne delen av verdsarven. Enkeltbygningar og bygningsmiljø er viktige kulturhistoriske dokument, men og ein viktig ressurs for verdiskapinga i lokalsamfunn og region.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sette i 2010 i gang eit arbeid med ein restaureringsplan for Nærøyfjordområdet. Prosjektet er eit resultat av ein lengre prosess med drøftingar der både Sogn og Fjordane fylkeskommune, Verdsarvrådet, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren har vore involvert. Prosjektet er også tufta på målsetjingar for forvaltninga av Nærøyfjordområdet i henhold til forvaltningsplanen som Fylkesmannen har utarbeidd for området, og vil samkøyrast med verdsarvkommunanen sine eigne Kulturminneplanar.

Restaureringsplanen vil kun omfatte verneverdige bygningar og bygningsmiljø, samt teknisk-industrielle kulturminne, innafor verdsarvområdet sine grenser. Planen skal synleggjere vernekriterier, tilstand/ tiltak og i nokre tilfelle kostnader knytt til istandsetjing. Den skal også skissere moglegheiter for bruk, gje ein oversyn over viktige tilskotsordningar for bygningsverntiltak og gje nyttige råd og tips for ulike fasar av arbeid med restaureringsprosjekt.

Planen skal ha nytteverdi for eigarar av verneverdige bygningar og bygningsmiljø, og skal samtidig fungere som eit rettleiande dokument i ulike samanhengar for forvaltninga.

Nærøyfjorden Verdsarvpark har leigd inn arkitekt Jarle Sandvik som prosjektleiar for restaureringsplanen. Sandvik har hovudansvaret for kartleggingsarbeidet og utforming av planen. Parkadminstrasjonen ved parkforvalter for kulturminne fungerer som sekretær og koordinator for prosjektet. Viss Verdsarvparken får på plass ein restaureringshandverkar før prosjektperioden er omme, vil vedkomande verte trukke inn i arbeidet også.

Vurdering av verneverdiene til bygningane og bygningsmiljøa og prioritering mellom desse er det styringsgruppa som skal stå for, i lag med verdsarvkommunane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Hordaland. Styringsgruppa er samansett av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, Riksantikvaren og parkadministrasjonen. Det vert også høve for eigarer og andre interessepartar å kome med innspel til innhaldet i planen. Når første utkast til planen ligg føre til offentleg gjennomsyn, vil dette verte kunngjort.

Arbeidet med restaureringsplanen er finansiert med hjelp av statlege midlar frå ordninga Tilskot til kulturminne på verdsarvlista.

Restaureringsplanen skal vere ferdig i løpet av 3. kvartal i 2012.

Notatet frå bygdemøta om restaureringsplanen hausten 2011 finn du her.

Foredraget «Kva er verneverdige bygningar?» av Arlen S. Bidne, rådgjevar ved Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, finn du her.

Les om våre partnarar