UNESCO World Heritage Centre

Verdsarv

Verdsarva finn me på stadar som er sers viktige for natur- og kulturhistoria i verden. Det er stadar skapa både av menneske og naturen, og ein viktig del av menneskja si historie. Verdsarva er noko me har fått i gåve frå fortida, og det er noko me ikkje berre må leve i takt med, men må ta vare på for generasjonane som kjem etter oss. Jorda si kultur- og naturarv er ikkje berre uerstattelege kjelda for kunnskap, men rein inspirasjon for oss som lev no, ein sensasjon me har ansvaret for å gje vidare til borna våre, og deira born etter dei. 

Mangfaldet i verdsarva vår er utruleg og inneheld unike natur- og kulturstader som til dømes pyramidane i Egypt, the Great Barrier Reef i Australia og Vestnorsk Fjordlandskap. Noko av det som gjer at verdsarva er so eineståande er at verdsarv er universelt. Ein stad, bygning eller eit område som ein finn på verdsarvlista høyrer til alle menneskja, uansett kvar i verda staden er og finne.

UNESCOer ein del av dei Sameinte Nasjonar, og er deira organisasjon for utdanning, vitskap og kultur. UNESCO oppmodar til identifisering av kultur- og naturarv som vert rekna til å ha ein framståande, universell verdi, og dei oppmodar vern av denne arvai heile verda.  Dette er del av «Konvensjonen for vern av verda si kultur- og naturarv», ein avtale som vart vedteken av UNESCO i 1972.

Verdsarvlista inneheld i dag over 1000 stadar, både kulturstadar og naturområder. For å bli tatt med i verdsarvlista so må ein møte minst eit av ti utvalte kriterier. Desse kriteria vert justert ofte av verdsarvkomiteen for å reflektera utviklinga avverdsarvkonseptet. I Noreg er det Klima- og Miljødepartementet som har ansvar for å nominera stadar til lista.

Meir om formålet med UNESCO Verdsarv kan du lesa her

 

UNESCO World Heritage Centre

UNESCO World Heritage Centre vart etablert i 1992, og er både hovudkvarteret til og koordinator innan UNESCO når det kjem til alle verdsarvrelaterte emne

Verdsarvsenteret har ansvaret for den daglege leiinga og oppfølging av kriteria som ligg til grunne for å kunne få verdsarvstatus. I samband med dette organisera senteret årlege møter for verdsarvkomiteen og arbeidsutvalet.

Verdsarvkomiteen bestar av representantar for 21 av dei nasjonane som er medlemar av konvensjonen, og er valt ut av generalforsamlinga. Komiteen er ansvarleg for å implementera Verdsarvkonvensjonen, for å definera bruken av verdsarvfondet og for å dele ut økonomisk assistanse på førespurnad frå dei ulike relevante nasjonale departementa. Det er verdsarvkomiteen som tek avgjersla om ein stad, naturområde, eller bygning vert innlemma på verdsarvlista. Arbeidsutvalet består av sju representantar frå medlemsnasjonar som vert valt årleg av komiteen. Jobben deira er å koordinera arbeidet og møter for komiteen.

UNESCO-Senteret gjev råd til nasjonar som er i prosessen med å nominera områder eller stader til å verta ein del av verdsarvlista. Dei organisera òg internasjonal assistansefrå verdsarvfondet på etterspurnad. Senteret koordinera både rapportar på status på dei nominerte stadane som ynskjer å koma på verdsarvlista, og kva naudtiltak som må setjast inn i tilfelle dei er truga.

Senteret er ansvarlege for å organisera tekniske seminar og arbeidsverkstader og for å oppdaterer verdsarvlista sin database. I tillegg har dei ansvar for å utarbeida læringsmateriellfor å auka kunnskapen blant unge menneskjer om kvifor det er viktig å ta vare på vår felles verdsarv for framtida. Senteret har òg som mål å informera menneske generelt om verdsarvrelaterte spørsmål.

Heimesida til UNESCO World Heritage Centre kan du sjå her.

 

Den norske UNESCO-kommisjonen

Den norske UNESCO-kommisjonen er eit bindeledd mellom det sivile samfunnet og norske myndigheiter. Den består av 12 medlemmar som er oppnemnt av kunnskapsdepartementet. Desse medlemmene skal ha kompetanse på minst eitt av UNESCO sine fagområder. UNESCO-kommisjonen er rådgjevandeorgan for norske myndigheiter og fungera som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på UNESCO sine ansvarsområde. Kommisjonen deler ut tilskot gjennom ei tilskotordning ein gong per år. Kunnskapsdepartementet har sekretariatansvaret for UNESCO-kommisjonen. 

Meir informasjon om UNESCO og verdsarva kan du finne her.

 

Les om våre partnarar