Tilskotsordningar

Det finst eit mangfald av tilskotsordningar som er mogleg å søkje midlar frå til ulike føremål, og det er ei utfordring å orientere seg i dette landskapet av lokale, regionale, statlege så vel som private tilskotsordningar.

Ein av funksjonane til parkadministrasjonen er å hjelpe partnarane sine og andre i parkområdet til å finne fram til det som for dei er relevante tilskotsordningar. Ved sida av å bidra med rådgjeving i høve finansieringsspørsmål, vil vi her på heimesida over tid byggje opp ein oversyn over tilskotordningar som park administrasjonen har god kjennskap til.

Elles syner me til Legathåndboken, som kjem i revidert utgåve kvart år. Den er ein viktig ressurs for alle som ønskjer å realisere noko, men som ønskjer eller treng eksterne midlar for å få dette til. Du får den både i papirutgåve og på nett (ufullstendig) her.

 

Skjøtsel og restaurering

Liste over aktuelle tilskotsordningar innanfor feltet skjøtsel og restaurering.

NORSK KULTURMINNEFOND
Føremål: Bevaring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø innafor kategoriane arkeologiske kulturminne, bygg og anlegg, hagar, parkar og landskap, vegar og stiar, teknisk-industrielle kulturminne, fartøy. Prosjekt vert prioritert ut frå bestemte faglege og tematiske satsingsområde. Målgrupper er private eigarar, ideelle organisasjonar, stiftingar og foreningar, og kommunar.
Søknadsfrist: 01.11
Lenkjer: www.kulturminnefondet.no

STIFTELSEN UNI
Føremål: Tiltak som verner mennesker og fortidsminner. Å bidra til en trygg utvikling av det norske samfunn gjennom å støtte allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern. Gir prosjektstøtte og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner.
Søknadsfrist: Heile året.
Lenkjer: www.stiftelsen-uni.no

TILSKOT TIL KULTURMINNE PÅ VERDSARVLISTA
Føremål: Sikring og istandsetjing av dei norske verdsarvområda i regi av eigarar og forvaltarar. Tiltak som gjev betre tilgjenge og som avgrensar slitasje, og som gjerne koplast til opplæring og formidling.
Søknadsfrist: 15.11
Lenkjer: www.sfj.no

FYLKESKOMMUNALE MIDLAR - Sogn og Fjordane
Føremål: Fylkeskommunen har ikkje lenger særskilt tilskot til kulturminnevern, men forvaltar ordninga.
- Tilskot tilkystkultur: Skal bidra til sikring og istandsetjing av freda og særleg bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø typiske for liv og verksemd langs kysten. Privatpersonar, stiftingar, frivillige lag/ organisasjonar, styre i sameige/ foreining o.l. kan søkje.
- Tilskot til freda bygg og anlegg: Skal bidra til vern og sikring av freda bygningar og anlegg (nasjonal verdi). Større vedlikehald og istandsetjing, gjerne i kombinasjon med handverkaropplæring (rekruttering, formidling av handverksteknikkar og bruk av materialer).
Søknadsfrist: 15.11
Lenkjer: www.sfj.no

FYLKESKOMMUNALE MIDLAR – Hordaland

SMIL-MIDLAR («Spesielle miljøtiltak i landbruket»)
Føremål: Ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. (Kommunale føringar vert lagt på forvalting av midlane. Det er eit mål at innsatsen i aukande grad skal tilpassast lokale behov, utfordringar og målsetjingar.)
Søknadsfrist: Aurland og Lærdal: 31.03- Vik 01.05.- Voss: 15.05
Lenkjer: www.slf.dep.no - www.aurland.kommune.no www.laerdal.kommune.no - www.vik.kommune.no - www.voss.kommune.no

RIKSANTIKVAREN

NORSK KULTURRÅD

Les om våre partnarar