Restaurering

Kulturarven som grunnlag for verdiskaping i regionen vår har høg prioritet, både for parken sine partnarar og for parken som organisasjon.

Verdsarven si deltaking i Riksantikvaren og Miljøverndepartementet sitt verdiskapingsprogram på kulturminneområdet ga gode rammevilkår for å arbeide med kulturarven. Ikkje minst fekk me betre moglegheiter for å bidra til realiseringa av restaureringsprosjekt med verdiskapingspotensiale. Sjølve verdsarvstatusen har òg gjeve særskilde moglegheiter for ivaretaking av kulturarven innafor verdsarvgrensene gjennom den statlege tilskotskotsordninga Tilskot til Kulturminne på verdsarvlista.

Så langt har parkorganisasjonen primært vore involvert i restaurering av bygningar, samt stiar eller vegar med kulturhistorisk verdi. Nilsa Marta-naustet på Bakka, som var del av det opphavelege strandsitjarmiljøet Borgastrondi, var det tredje restaureringsprosjektet som Verdsarvparken involverte seg i:

Parken har ein eigen parkforvaltar til å arbeide med kulturminnefeltet på ulike måtar. Parkforvaltaren si rolle er m.a. å bidra i utvikling og kvalitetssikring av restaureringsprosjekt – prosjekt som involverer fleire partar og som gjerne kjem ålmenta til gode på ein eller annan måte. Arbeidet med slike prosjekt kan vere krevjande. Parken kan t.d. vere døropnar inn mot styresmaktene, organisere synfaringar, bidra i utforminga av finansieringssøknader og ta på seg ansvar med prosjektadministrasjon.

Les om våre partnarar