Regionalpark

Regionalparkar er godt innarbeidd i andre Europeiske land, men i Noreg er dette eit konsept som stadig er under utvikling. Konseptet har som mål å skape ei integrert områdeforvaltning og auka verdiskaping bygd på lokale natur- og kulturressursar.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein av dei første norske utgåvene av regionalpark og er eit resultat av utviklingsprosessar som har starta på grasrota. Etableringa sprang ut av eit ønskje om eit heilskapleg grep om natur- og kulturbasert samfunnsutvikling og eit behov for å samordne kommunar og aktørar tilknyting til verdsarvområdet.

 

Frå volum til nisje

Som mange andre bygdesamfunn har Aurland utfordringar i høve til fråflytting, svak næringsutvikling, konfliktar rundt naturvern og ivaretaking av natur og kulturarv.  Ei dagsaktuell problemstilling er den dramatiske omstillinga i landbruket. I Aurland meir enn dei fleste stader aktualiserer dette eit tidsskilje frå volumproduksjon til nisjeproduksjon. Stadig fleire i landbruket ser nye mogelegheiter i å tilby innhald i eit til no relativt gjennomfartsdominert og passivt reiselivsprodukt. Kan den regjerande transport-, overnattings- og serveringsfokuserte reiselivsnæringa finne eit interessefellesskap med den nye opplevingsbaserte landbruksnæringa? Kan ei slik økonomisk utvikling sameine vern og utvikling på ein forpliktande måte?

 

Felles plattform og møteplassar

Erfaringar frå dei europeiske regionale naturparkane viser at dette faktisk er mogeleg under føresetnad av to vilkår er til stades: – at ein maktar å samle seg om ei felles kvalitativ plattform – at ein maktar å etablere møteplassar og rammeverk for strategisk samhandling mellom alle aktørar med legitime roller å ivareta i dette biletet.

Dette er noko av bakgrunnen for opprettinga av Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Vandring Bleiklindi til Styvi, Naroyfjorden
Les om våre partnarar