Prosjekt: Vandring og verdiskaping 

 

Utsikt frå Beitelen  Foto: Bengt Erlend Skjerdal

 

Vandring og verdiskaping

3-ÅRIG PROSJEKT MED MÅL OM AUKA VANDRING OG VERDISKAPING I VERDSARVPARKEN GENERELT OG I AURLANDSDALEN SPESIELT. 

Verdsarvparken har prosjektleiinga og jobbar i lag med friviljuge lag og turlaga, representantar for grunneigarar og næringsverksemder, verneområdeforvaltning, Visit Songefjord og den nyoppretta arbeids- og styringsgruppa for Aurlandsdalen. 

Prosjektbeskrivelse

Me vil fremje/ planlegge/organisere og sikre gjennomføring av koordinerte/ prioriterte tiltak og aktivitetar knytt til vedlikehald/ istandsetjing/ rydding og skilting (pilskilt/ infotavler) av turvegar og etablering av dørheller (infallsportar) i Verdsarvparken generelt og Aurlandsdalen spesielt.

Me vil vere pådrivar og støtte for auka marknadsføring, utvikling/bruk og verdiskaping knytt til vandring.

Prosjektet vil ha som mål,  utover satsinga i Aurlandsdalen (Nye Aurlandsdalen), å utbetre/ tilrettelegge/ foredle og tydeleg marknadsføre min. 3 lengre turvegar i kvar av Parkkommunane. Kjelda for prioritering vil vere turboka "Opptur Nærøyfjorden".    

 

 
 
Les om våre partnarar