Partnarskap

Verdsarvparken er sett saman av partnarar frå lokalbefolkning, landbruk, næringsliv, frivillige organisasjonar og forvaltning i området.  Partnarskapet byggjer på ei partnarskapsavtale og inneber eit forpliktande samarbeid for å fremje verdsarvverdiane i Nærøyfjordområdet gjennom berekraftig utvikling.  Deltaking i partnarskapen er frivillig for dei lokale bedriftene og organisasjonane. Partnarskapet kan leggja grunnlag for ny verdiskaping og utvikling av landskaps- og kulturarvressursane i området.

Gjennom partnarskap dreg aktørane nytte av Verdsarvparken sin kompetanse, nettverk og merkevare og kan kvalifisere til øyremerka offentlege midlar. Avtalen inneber samstundes ei forplikting om å arbeide for ivaretaking av verdsarvverdiane gjennom berekraftig utvikling.

Du kan finne ut meir om parken sine partnarar på seksjonen om partnarar frå menyen.

Partnarhandbok

Nærøyfjorden Verdsarvpark utvikla våren 2014 ei partnarhandbok, denne vart òg vedteke i styret sommaren 2014.  Som ein del av Partnarskapsavtalen så vert det no forventa at partnarar av parken vil slutte seg om «partnarhandboka».  Handboka har vorte utvikla som eit verktøy i den vidare utviklinga av ein felles identitet for Nærøyfjorden Verdsarvpark. Den fortel om bakgrunn, visjonar, mål og identitet knytt til Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dette er ifrå den fyrste delen av handboka og i tilleg til dette tek denne delen òg føre seg kva rolle Verdsarvparken skal ha i lokalsamfunnet, og kven partnarane er, og kva eit partnarskap inneber. 

Den andre delen av partnarhandboka skal rettleia partnarar til rett bruk av profilen som er utvikla for Verdsarvparken. Dette gjeld både for partnar som ambassadør for parken og området, for synleggjering av eiga bedrift òg for synleggjering av partnarskap med verdsarvparken. 

Det står skrive i handboka at;  

«Synleggjering av partnarskap og nytting av parkprofilen skal difor resultera i ein meirverdi for partnaren. Parklogoen og partnarlogoen skal synleggjera partnaren sin rolle som verdiskapar i verdsarvområdet, og samstundes vera eit kvalitetstempel på nettopp denne verdiskapinga i medhald av partnarskapsavtalen og dei verdiane som ligg til grunn i Nærøyfjorden Verdsarvpark.»

Partnarhandboka kan du òg lesa meir om her: Partnarhandbok Nærøyfjorden Verdsarvpark

Les om våre partnarar