Visit Sognefjord

Sognefjorden ligg midt i Fjord Norge, og er med sine 204 km Norges lengste og djupaste fjord. På det meste er fjorden over 1300 m djup og fjella langs fjorden går opp i over 1700 m. Nærøyfjorden vart i 2004 kåra av National Geographic til «Verdas beste urørte reisemål».

Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Ein av desse fjordane er den verdskjende Nærøyfjorden, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Ein av dei mest spektakulære båtturane er fjord cruise med ferje frå Gudvangen til Kaupanger på verdsarvfjorden Nærøyfjorden.

Ved Sognefjorden ligg Jotunheimen Nasjonalpark, Jostedalsbreen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark, som er blant dei største og mest kjende nasjonalparkane i Norge. Det er mange flotte turar å velje mellom i kvar einaste bygd ved fjorden

I Sognefjorden finn du fem av dei eldste stavkyrkjene i landet. Borgund Stavkyrkje er den mest kjende, medan Urnes Stavkyrkje er den eldste og står på UNESCO si verdsarvliste.

Sognefjorden har mykje å tilby. Fjord Norges lengste og mest innhaldsrike fjord med Flåmsbana, Jostedalsbreen, Jotunheimen, Rallarvegen, UNESCO Urnes stavkyrkje, lokalmat, Aurlandsdalen, UNESCO fjordcruise, kajakkpadling, bresenter, RIB-turar, villakssenter, vandreløyper, fjordnære opplevingar og overnatting med fjordutsikt. Motorikpark, hjortefarm, badeanlegg, fjordpadling, familieturar på breen, museum, senter, leikeland og mykje meir for dei minste.

Les om våre partnarar