Undredal Grendalag/Bygdeutvikling

Undredal Grendelag er velforeininga for bygda og i tillegg ein møteplass for samtale mellom alle i bygda som ynskjer å engasjere seg i ulike former for nærmiljø- og utviklingsarbeid. 

Grendelaget gir ut bladet Underdølen to gonger årleg.

Grendelaget leiger og driv møtelokale og aktivitetslokale i Undredal skule.

Saman med Undredal Ungdomslag driv Grendelaget Geitostfestivalen anna kvart år.

Laget har òg stått for restaurering av ei gamal sjøbu i Undredal.

Kontaktinfo:

Undredal Grendelag

Postboks 33

5747 Undredal

E-post: post@undredal.no


Undredal Bygdeutvikling AS

Hensikta med selskapet er å utvikle aktivitetar og infrastruktur som kan stimulere til trivsel og næringsutvikling i bygda.

Selskapet administrerer i tett samarbeid med Grendelaget bladet Underdølen, parkstellet i bygda, sti rydding, skjøtsels av kulturlandskapet langs fjorden og kajakkcampen på  Stokko.  Ein annan betydeleg aktivitet er bygdevandring og guiding i Undredal stavkyrkje.

Undredal bygdeutvikling har kosta og bygt servicebygget Gjestestova som inneheld fullverdige campingfasilitetar og 3 leilegheiter med høg standar. 

Siste skot på stamma er innreiing av eit lokalt «Verdsarvhus» i Gjestestova.

 

Kontaktinfo:

Undredal Bygdeutvikling AS

Postboks 33

5746 Undredal

E-post: post@undredal.no

Nettside: www.undredal.no

Undredal Stavkyrkje: www.undredal-stavkyrkje.com

Les om våre partnarar