Stalheim Landskapspark

Stalheim landskapspark er eit samarbeidsorgan for landbruk, turistnæring, servicenæring og lokal befolkning i området. Samarbeidsorganet har som formål å fremja næringsutvikling og trivselstiltak i området.

Frå Stalheim tek rydda og merka turstiar deg inn i dette fantastiske landskapet. Stiane er merka med skilt som føl fjellturismen sin standard der ulike fargekoder fordel deg om kor krevjande turen er.  På ei vandring langs den vakre kongevegen vil du oppleva eit aktivt og levande landbruksmiljø med kulturminne tilbake til vikingtida.

Stalheimskleiva Opp - verdas brattaste "gateløp" med 1500 m ogei stigning på 280 m vert arrangert kvart år i mai. Jon Tveit sin rekord ligg på 9.04 min. Prøv og slå den!

Stalheim Folkemuseum ligg rett bak Stalheim Hotel og er eit av dei største folkemusea i privat eige i Noreg. Museet visar dei ulike sidene ved livet slik det har vore for vossingar og strendingar gjennom dei siste to - tre hundre år.

I landskapsparken finn du og eit rikt dyreliv. Mellom anna kan den oppmerksame oppdage kongeørn, rein, elg, hjort og gaupe.

Stalheim Landskapspark ynskjer alle velkomen til å få ei fantastisk naturoppleving i eit levande og aktivt bygdemiljø.

Meir informasjon: 

VG om traktoesafari. 

Visit Voss

Voss Now

Les om våre partnarar