Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. SJH har elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. SJH tilbyr også fagskuleutdanning i økologisk landbruk i samarbeid med Hvam vgs. og Fagskolen Innlandet.

Ressurssenteret ved SJH tek seg av besøk, kurs og prosjekt utanom undervisinga. Kursa er opne for alle. Mjølkeforedling, ølbrygging, birøkt, kompostering og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. På skulen finn du og ein populær gardsbutikk, som er open måndag til laurdag. Butikken har eit breitt utval av økologiske og lokalproduserte daglegvarer, og mange etiske gåveartiklar.

Les om våre partnarar