ØkoringenVest

Økoringen Vest er ein medlemsorganisasjon for økologisk interesserte gardbrukarar i Sogn og Fjordane og andre som vil fremje eit økologisk landbruk.

Føremålet til Økoringen Vest er å drive rettleiings-, konsulent- og forsøksverksemd for medlemene. Vidare driv Økoringen Vest opplysningsarbeid for å fremje økologisk landbruk, d.v.s. eit miljø- og ressursvenleg landbruk som prioriterer produktkvalitet og ei fruktbar jord, der ein ikkje nyttar lettløyselege mineralgjødsel og syntetiske sprøytemiddel.

Dei siste året har ØV òg jobba mykje med utvikling av lokalmat, og da spesielt økologisk produsert lokalmat.

ØV vart skipa i 1988 og har i dag ca. 130 medlemer og ca, 90 støttemedlemer. Økoringen Vest har 1 tilsett og kontorstaden er Kaupanger. http://okoringenvest.nlr.no

ØV er tilslutta Norsk Landbruksrådgiving NLR.  Saman med dei andre rådgjevarane som jobbar med økologisk landbruk, står vi bak fagtidskriftet «Økologisk Landbruk» .

ØV har eit tett samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule SJH og Oikos Vest. Saman med Oikos Vest har vi ei felles internettside: www.fjordvett.no 

Les om våre partnarar