Jordalen Grendalag

 

Grendalaget vart skipa 28. april 2009 med det som føremål å vera eit felles lag for alle innbyggjarane i Jordalen. Laget skal vera med å ivareta våre felles interesser og vera eit talerøyr utad i saker som gjeld heile dalen. Men fyrst og fremst skal laget vera ein pådrivar og inspirator til auka aktivitet i heile dalen, og ha ansvar for arrangement og felles sosiale tiltak av nyttig, festleg eller kulturell karakter.

Laget vil også vera med å leggja til rette for ny næringsverksemd når den nye tunnellen er ferdig og me får varig trygg veg, og i 2011 fekk me LivOGLyst-midlar til planlegging av dette, som eit eittårig prosjekt. Frå 2012 er me med som 3-årig LivOGLyst-prosjekt. 

 

(Foto: 1-3 Roald Nåsen Netland, foto: 4, Kari Mørkve Jordalen). 

Les om våre partnarar