Verdsarvturen

Verdsarvturen vert arrangert årleg av Bakka Grendalag i lag med samarbeidspartnarar.  Turen går mellom Bakka og Dyrdal i Nærøyfjorden.
Turen byr på ein høgdeforskjell på 1300 høgdemeter over ein distanse på mellom 15 og 20 kilometer. Heile vegen har du dei flottaste verdsarvfjell du kan tenkja deg. Prikken over i-en må vel kunna seiast å vera utsikten frå Breidskrednosi.

Turen vert gjennomført laurdagen i fyrste helga i august, i 2015 er dette 1. august.

Alle som fullfører får diplom.

Turløype: Start ved Bakka skule → Rimstigen → Skarsvotni → Breidskrednosi → Dyrdal

Sjå Verdsarvturen si eiga heimeside her for meir informasjon.

 
Hjolmo Dyrdal Naroyfjorden
Les om våre partnarar