Norsk Bringebærfestival

Norsk Bringebærfestival er eit samarbeidsprosjekt mellom frukt- og bærmottaka i Vik kommune, med gode støttespelarar frå næringslivet, Vik kommune, Næringssamskipnaden, Vik sparebank, i tillegg til lokale lag og organisasjonar. Festivalen vert arrangert kvart år i august månad.

Festivalen starta i 2014 og er ein ikkje-kommersiell festival, noko som betyr at eit eventuelt overskot vil gå til nest års arrangement. Festivalen skal fremje satsinga på bringebær i Vik kommune, og fremje Vik som den største bringebærkommunen i landet.

Då det er mange utanlandske sesongarbeidarar som arbeidar innan bærproduksjonen i Vik om sommaren vert dette integrert i festivalen ved til dømes at programmet også vert skrive på polsk. Dei har òg eit fokus på kulturutveksling med desse sesongarbeidarane og andre kulturar i vik under festivalen.

I 2017 er det helga 18-20.august som er festivaldagar!

Meir om årets program finn du på nettsida deira.

Les om våre partnarar