Mensen Ernst Minneløp

Mensen Ernst Minneløp er eit løp som vert arrangert årleg i Fresvik, til minne om langdistanseløparen Mensen Ernst (1795-1843). Han var født i Fresvik, i Vik kommune og gjeve namnet Mons Monsen Øyri. Han byrja arbeidslivet som sjømann, men vart kjend som ein profesjonell langdistanseløpar. I 1818 byrja Ernst karrieren som sportsmann, fyrst i London som ‘pedestrian’, nokon som deltok i løp, ofte framfor eit publikum. Det fyste lange løpet han deltok i kom året etter, då han sprang 116 km frå London til Portsmouth.

Ernst var ein av dei beste langdistanseløparane verda nokon gong har sett, og ein av dei fyrste norske profesjonelle sportsmenna. Mest kjend er han for dei lengre løpa han deltok i, spesielt eit 14 dagars løp frå Paris til Moskva i 1832 (2500km i luftline) og eit seinare løp frå Konstantinopel (no Istanbul) til Calcutta og attende til Konstantinopel (over 9000km) som tok han 59 dagar. Sjølv om det er mange som seier at det Ernst gjorde var umogleg, finnes det bevis på at han stoppa innom plassar og kom fram til der han skulle, noko som sterkt indikera at mannen frå Fresvik verkeleg var ein fantastisk idrettsutøvar.

Mensen Ernst døydde av dysenteri i Afrika i 1843, der han hadde fått i oppdrag å finne kjelda til Nilen. Han vart gravlagd ved Nilen, og gravplassen hans er truleg under ein av Aswandammane.

I 2015 vert Mensen Ernst Minneløp arrangert laurdag den 13. juni for 29. gong. 

Start og innkomst er på Modig Stadion i Fresvik i Sogn og vendepunktet er ved Huldafossen i Nærøyfjorden verdsarvområde.  Om lag 1/3 av løpet går på asfalt, resten går på grusveg og god sti, sjå elles løypeprofil(link?). Løpet er 15 km langt.

Det er òg løp tilpassa born. 

IL Modig er  arrangørar  av Mensen Ernst Minneløp og meir informasjon kan finnast på heimesida deira.

Mensen Ernst Minnelop Fresvik- foto: Julie Botun
Les om våre partnarar