Lærdalsmarknaden

Lærdal vart tidleg ein plass for handel med det lette sambandet mellom aust og vest som gjekk gjennom bygda. Den fyrste marknaden gjekk føre seg i 1596 og varte då i heile 8 dagar, i 1836 kom det eit påbod som korta ned marknaden til fira dagar. Til marknaden i Lærdal kom det både bymenn og storbønder, og dei hadde eigne naust til varene sine på Øyri. Det var sal av lokale matvarer, og anna bruksting som var naudsynte i dei dagar.

 I 1876 vart det ved kongeleg resolusjon sett punktum for den gamle marknaden. Lokale eldsjeler starta opp att marknadstradisjonen i 1982, og no vert marknaden arrangert fast to gonger for året. «Lærdalsmarknaden» vert arrangert tredje helga i juni, og «Haustmarknaden» vert arrangert i månadsskifte september/oktober. Begge marknadene går framleis føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Det har vorte ein viktig samlingsstad i Sogn for lokale produsentar, kjøparar og ikkje minst for bygdefolket sjølve. Her kan folk handla og smaka på lokale varer,  oppleva utstillingar og nyta variert underhaldning frå scena.

I 2014 vart det for fyrste gong arrangert julemarknad på Øyri i Lærdal. 

Lærdalsmarknaden går av stabelen 16-18.juni 2017.

Du kan gå inn på marknaden si eiga heimeside her.

IMG_4392.JPG
Les om våre partnarar