Kongevegsmarsjen

Kongevegsmarsjen  langs ville og vakre Nærøyfjorden, går frå Bleiklindi til Styvi.  Dette er ei lett og flott vandring (ca5,5km/1,5t) på delar av den gamle postvegen mellom Bergen og Oslo.  Turen vert arrangert årleg av Styvi Gardsmuseum med samarbeidspartnarar.

Dato for Kongevegsmarsjen Bleiklindi-Styvi i 2015 er 31.mai.

Garden Styvi ligg på austsida av  Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida. Husdyrhald har vore hovudlevevegen i fleire generasjonar. Styvi har og vore skyss- og postgard. I 1993 vart garden opna som eit gardsmuseum med stor samling av reiskap og innbu.

Mellom Styvi og Bleiklind kan ein oppleva følgjande attraksjonar:
- Galden er eit bratt og smalt parti, her ligg vegen på steinmurar som går ut i sjøen.

- På Klungrenes står ei gamal høyløe. Her slo dei, hausta lauv frå bjørk, plukka hasselnøtter og hogg tønneband.

- Odnes var ein del av slåttemarka på Styvi.

- På den andre sida av fjorden ser de Breiskreda. Det lyse fjellet (anorthositt) gjer at raset frå 1983 er tydeleg. 

- På Holmo opnar landskapet seg. Her var slåttemark og vårstøl for Styvi. Her ligg også den store gravrøysa frå bronsealderen. 

- Bleiklindi er eit lindetre som vart freda som naturminne i 1933 fordi det sprett med gule blad og fell grøne blad om hausten.

Les meir om Kongevegen, Styvi gard og Styvi Gardsmuseum

Andre delar av Kongevegen: 
Det vert òg arrangert marsj på den gamle Kongevegen frå Haugsvik til Stalheim i Voss Kommune. Denne vert arrangert årleg på hausten av Stalheim landskapspark.

 I tillegg vart Kongevegen mellom Lærdal og Vang i Valdres kåra til vinnaren av «Vakre Vegars Pris» for 2014Ei beskriving av fotturen langs kongevegen i Lærdal finn du her.  Følg og Kongevegen over Filefjell på facebook for oppdateringar om både vegen og arrangement knytt til vegen. 

Les om våre partnarar