Klondyke Opp

Laurdag 3. september vert Klondyke Opp arrangert for tredje gong!

Kom og opplev landets fyrste vertikale kilometer! Løypa opp til toppen av Klondyke er frisk, utfordrande og særeigen. Arrangementet har utgangspunkt på Een, om lag 5 km nord for Voss sentrum. Frå starten på Een svingar løypa seg vel 3,6 km og 1000 høgdemeter opp til himmelsynet på Klondyke (1090 moh.), ein fortopp til meir kjente Lønahorgi. Dette gir ein stigningsprosent på 28%! Undervegs og på toppen ventar flott utsikt over Vosse bygda med meir. Ta utfordringa og bli med på årets sprekaste tur saman med mange andre fjellglade mosjonistar og løparar!

Følg Klondyke Opp på facebook. 

Les om våre partnarar