Geitostfestivalen

Festivalsomrane i verdsarvområdet har mykje å by på. I den sjarmerande, lille verdsarvbygda Undredal vert det annakvar sommar arrangert geitostfestival knytt til den unike geitostkulturen til bygda.

Festivalen vert arrangert siste helga i juli annakvart år, frå fredag til sundag. Her er mykje liv og røre med marknad, kulturelle innslag av ulike slag både på dag- og kveldstid, aktivitetar for born, tradisjonsformidling, åresal, og høve til å kjøpe god mat og drikke. Festivalen samlar folk frå fjern og nær.

Følg Geitostfestivalen i Undredal på Facebook. 

Geitostfestivalen på nett: Geitostfestivalen i Undredal.

Lær meir om Brimosten i frå Sogn og Slow Food.

Les om våre partnarar