Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er verdas største sports- og musikkfestival av sitt slag, og vert årleg arrangert på Voss i Hordaland den siste veka i juni. Her vert det arrangert konkurransar innan heile tjue sportar, blant anna i;  kajakk, rafting, frikøyring, skating, speedriding, paragliding, triathlon, mtb-bmx, fallskjermhopping, klatring, BASE og longboarding. I ei heil veka møtest nasjonale og internasjonale utøvarar for å utfordra seg sjølve, kvarandre og naturkreftene. 

 

Det er ikkje berre sport og konkurranse som står i fokus hjå deltakarane. Ekstremsportveko har vorte ein møtestad for sportane og eit høve for deltakarane til å læra av kvarandre. Sjølv om det er dei ulike sportane som er i hovudfokus under ekstremsportsveko har musikkprogrammet vorte viktigare og ein større del av arrangementet, og har dermed ein viktig del av festivalopplevinga. Kvart år spelar internasjonale og nasjonale artistar på scena, med musikk frå sjangrar som pop, rock, funk og reggae. Ekstremsportveko tilbyr også eit rikt mangfald av aktivitetar for alle aldersgrupper og ferdighetsnivå. Veko ynskjer å vera ein inkluderande festival, der ein har eit tilbod til alle målgrupper. 

 

Arrangørane bak Ekstremsportveko er Stiftinga Ekstreme Voss som består av Voss Rafting Klubb, Voss Kajakk Klubb, Voss Hang og Paragliderklubb, og Voss Fallskjermklubb.  Kvart år kjem det over 700 frivillige frå heile verda for å arbeida på festivalen. Deira bidrag er med på å gjera festivalen til ein suksess.

 

For meir informasjon om Ekstremsportsveko besøk deira heimeside her.

 

Ekstremsportsveko Voss, Jan Helge Fossa
Les om våre partnarar