Aurlandsmarsjen

Den tradisjonelle marsjen gjennom den unike Aurlandsdalen frå Østerbø (820 moh) til Vassbygdi (83 moh).

 

Aurlandsmarsjen 2016 vert arrangert 31. juli.

 

Påmelding: På Østerbø mellom kl 08.30-10.30

Startkontingent: Vaksne kr 100,-   Born gratis

Turløype:

Østerbø-Sinjarheim-Vassbygdi er om lag 19 km, og turen tek 6-7 timar. Stien er god, og middels lett å gå.

 

På Sinjarheim er det naturleg å ta ein matpause, her har òg Venner av Aurlandsdalen eit eige program med sal av mat og drikke på Sinjarheim, kanskje vert det underhaldning eller konsert. 

Transport: Ekstra bussar vert sett opp frå Vassbygdi om morgonen i tillegg til ordinær rutebuss.

Innkomst: Vassbygdi

 

Det vert delt ut diplom til alle marsjdeltakarar, og premie for gjennomførte 5,10,15, 20 og 25 gonger.

 

Meir info vert å finne etter kvart på heimesida til Aurland kommuneHer vert òg rutetidene for rutebussen lagt inn når dei er klare.

Informasjon:

Aurland kommune 57 63 29 00 og Vassbygdi Servicebygg 95 98 46 18

 

Arrangørar:

Aurland kommune, Aurland Røde Kors og Venner av Aurlandsdalen.

 

 

 

Les om våre partnarar