E-CO Rimstigen Opp 2017

Ein fantastisk opptur frå Bakka i Nærøyfjorden til Rimstigen 725 m.o.h.

  • I 2017 vert E-CO-Rimstigen opp arrangert laurdag 29. juli.
  • Parkering i Gudvangen. Gratis buss tur/retur Bakka (5 km) frå kl. 09.30 og utover.
  • Start: Turklassen kl. 10.00 – 11.30. Konkurranse kl. 12.30. (Kl. 13-14 år kl. 12.20).
  • Startkontingent, konkurranse: kr. 250,- (inkludert eingongslisens). Tilbakebetaling av lisens kan gjerast via: https://response.questback.com/norgesfriidrettsforbund/tilbakebetalinglisens/
  • Startkontingent, turklasse: kr. 100,-
  • Betalast til konto nr.: 3745 30 41108 ved påmelding. Ta med kvittering.
  • Påmeldingsfrist: 28.07. i konkurranseklassen. Turklassen fram til start.
  • Løype: Bakka – Rimstigen. Høgdeskilnad 725 m. Lengd 2,75 km.
  • Klassedeling konkurranse: 13-14 år, 15-17 år, 18 – 22 år, 23 – 35 år, 35 – 39 år osv.
  • Ikkje garderobar, men toalett. Me anbefalar difor eit forfriskande bad i fjorden etter løpet.
  • Sal av varm og kald mat. Gratis Powerade til alle deltakarane.
  • Premiering: Pengepremie til tre beste kvinner og menn pluss bonus for løyperekord. Deltakarpremie til alle, klassevinnarpremiar og premiar på loddtrekning.
  • Løyperekord herrar: 24.43 (Thorbjørn T. Ludvigsen). 
    Løyperekord damer: 29.20 (May Britt Buer).

Klasse 13-14 år har start 10 minuttar føre resten av konkurransefeltet. Dette for at me skal halda oss til NFIF sine reglar for løp i aldersbestemte klassar.

Link til påmelding finn du her.

Link til side på Facebook:  https://www.facebook.com/RimstigenOpp?fref=ts

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med:
Olav Terum,  mob: 994 14 496, e-post: olav3112@hotmail.no

Unge loparar Rimstigen

E-Co Rimstigen Opp -Påmelding

Påmelding til motbakkeløpet  E-CO Rimstigen Opp finn du under.

For meir informasjon om løpet sjekk sida deira på Facebook, eller les meir under E-CO Rimstigen Opp 2016.

Kjønn
Namn *
Namn
Fyll inn førenamn og etternamn.
Klasse *

Klondyke Opp

Klondyke Opp

Laurdag 3. september vert Klondyke Opp arrangert for tredje gong! 

Kom og opplev landets fyrste vertikale kilometer! Løypa opp til toppen av Klondyke er frisk, utfordrande og særeigen. Arrangementet har utgangspunkt på Een, om lag 5 km nord for Voss sentrum. Frå starten på Een svingar løypa seg vel 3,6 km og 1000 høgdemeter opp til himmelsynet på Klondyke (1090 moh.), ein fortopp til meir kjente Lønahorgi. Dette gir ein stigningsprosent på 28%! Undervegs og på toppen ventar flott utsikt over vossebygda med meir. Ta utfordringa og bli med på årets sprekaste tur saman med mange andre fjellglade mosjonistar og løparar!

Kulturminnedagane

Dei europeiske kulturminnedagane er Europa sin største felles markering av kulturarv. Kvar september vert kulturminne og kulturarv vist fram for millionar av menneske i meir enn 50 land. Målet med markeringa er å gjera kulturminner tilgjengeleg for allmennheita og bidra til å skapa ei forståing og ei interesse for kulturminne og kulturmiljø.

Kulturminnedagane i Noreg ber preg av eit mangfald av aktivitetar som bidreg til å skapa interesse og forståing for vår felles kulturarv på lokalt, nasjonalt og europeisk nivå. Noregs kulturvernforbund har koordineringsansvar, medan dei konkrete arrangementa vert planlagt og gjennomført lokalt. Kvart år vert det arrangert 200-300 markeringar og aktivitetar rundt omkring i landet.

Meir informasjon om Kulturminnedagane kan du finna her.

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko er verdas største sports- og musikkfestival av sitt slag, og vert årleg arrangert på Voss, i Hordaland den siste veka i juni. Her vert det arrangert konkurransar innan heile tjue sportar, blant anna i;  kajakk, rafting, frikøyring, skating, speedriding, paragliding, triathlon, mtb-bmx, fallskjermhopping, klatring, BASE og longboarding. I ei heil veka møtest nasjonale og internasjonale utøvarar for å utfordra seg sjølve, kvarandre og naturkreftene. 

Jordeplerock

Musikkfestivalen Jordeplerock vart arrangert for fyrste gong i 2012 i Lærdal, i år går den av stabelen 23.-25. juni 2017. Festivalen skapar liv og god stemning i bygda, og vert arrangert for å gi sambygdingar og andre folk ei kjekk og innhaldsrik oppleving med god sumarkjensle. I 2017 kan Jordeplerock skilte med kjende band som STAUT, BYTING og VASSENDGUTANE, i tillegg til  artistar som Daniel Kvammen og Freddy Kalas .

http://jordeplerock.no/heim/2017-1

 

Jordeplerock på facebook. 

Smalahovesleppet

Smalahovesleppet er ein matfestival med fokus på tradisjonsretten Smalahovud og andre lokale rettar og råvarer, både tradisjonelle og nyutvikla rettar. Smalahovesleppet arrangerast av Festival Voss, Vossameny og Voss Sentrum.

Kjekke fakta om smalahovud:
Smalehovud (dialektalt smalahove eller sau(d)ehau(d)) er hovud av lam eller sau som er nytta som mat på dyra.
Dette er mat som har lang tradisjon på Vestlandet, der ein har måtta utnytta all mat på dyra.
I nyare tid vert smalehovud sett på som festmat og vert servert på restaurantar.
På Voss vert det skipa meisterskap i smalehovudeting.

På festivalen vil vera fokus på:
– Både klassisk tradisjonelle og nyutvikla rettar av lokale /regionale produkt.
– Rettar der det vert lagt vekt på kvar råvarene kjem frå.
– Rettar der me kjenner til historien om foredlinga anten det er basert på ein tradisjon eller det er eit nytt produkt.

Handel med omkringliggjande distrikt er ein del av våre mattradisjonar – difor vert det også servert rettar med produkt frå bønder og matprodusentar andre stader i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Smalahovesleppet 2016 var 23.-24. september. 

Osafestivalen

Osafestivalen er ein festival innan folkemusikk og klassisk musikk med tilhaldsstad på Voss. Den vart skipa i 1991 og vert arrangert siste heile helga i oktober kvart år.

Osafestivalen har fått namnet sitt frå spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990). Han grunnla Ole Bull Akademiet, han såg at det å utveksle kunnskap og erfaring var viktig både for folkemusikarar og for kunstmusikarar. Det var òg eit viktig bindelekk mellom desse.

Osafestivalen har som føremål å fremja kunnskap om norsk folkemusikk gjennom tilskiping av seminar og konsertar. Her vert folkemusikken  formidla i tradisjonell form, i samspel og møte med klassisk musikk og i nye komposisjonar inspirert av folkemusikk. Festivalen skal vera eit tiltak som smir saman tradisjon og visjon, og vera ein møtestad for skapande utøvarar og komponistar.

Festivalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag,  Voss Ungdomslag og Orkesteret Fossegrimen.

 

Hardingfela Torunn Todal Laberg

Fjorden sin dag

Indre Sogn Kystlag feirar kvart år Fjorden sin dag (sentralt kalla Kysten sin dag) helga nærast 9. juni.

Indre Sogn Kystlag er ein organisasjon under Forbundet KYSTEN, som arbeidar for å ta vare på tradisjonar samt fremje kulturverdiane som ligg langs kysten og i fjordane våre. Me markerer Fjorden sin dag med tradisjonelle Sognebåtar og andre tradisjonsbåtar på fjorden, verdiskaping og aktivitetar for store og små i Indre Sogn.

Indre Sogn Kystlag har som målsetjing å verne om tradisjonell bruk av båtar, naust og kaianlegg i og omkring Sognefjorden. Bruk av robåtar er kjernen i kulturbasert friluftsliv ved fjorden og på kysten.

Fjorden sin dag i Aurland er eit samarbeidsprosjekt mellom Indre Sogn Kystlag, Barnas Turlag i Aurland, Aurland Turlag, Njord Kajakk og SNO (Statens Naturoppsyn).

 

(Foto: Kristoffer U. Hansen og Indre Sogn kystlag). 

Gamalostfestivalen

Gamalostfestivalen

Gamalostfestivalen vert arrangert kvart år i Vik i slutten av mai. Festivalen vart skipa i æra av den lokale spesialiteten Gamalost, og ikkje minst for å halda i hevd ein tradisjonsrik og levedyktig matkultur. Vik Meieri er det einaste meieriet i landet som produsera gamalost, og bygda har lange tradisjonar på å produsera osten. Gamalosten frå Vik kan ein få kjøpt i butikkar over heile landet. I Vik kan ein òg få oppleva den på Ostebaren som vert drive av Tine.

Gamalost er ei delikatessa som har ein tusen år gamal tradisjon. Osten vert produsert av skumma mjølk i løpet av 14 dagar. Namnet er litt misvisande då sjølve produksjonsprosessen er ein av dei kortaste når det kjem til ostar. Osten vert produsert utan tilsett salt og sukker, og inneheld meir enn 50% proteiner og har berre 1% fett. Osten er og bra for kolesterolet.

Gamalostfestivalen i Vik har eit variert program som går over fleire dagar, der ein kan oppleve blant anna;

* Guhaugspelet

* Fagseminar

* Konsertar

* Dans

* Marknad med fokus på kortreist mat; kunst, handverk og tradisjon; utstillarar med tilknyting til Vik.

* Den tradisjonelle gamalostfrukosten

* Høgdegalla

Gamalostfestivalen 2017 finn stad i pinsehelga 1. - 4. juni.

For meir informasjon om årets program sjå nettsida deira. 

 

Norsk Bringebærfestival

Norsk Bringebærfestival er eit samarbeidsprosjekt mellom frukt- og bærmottaka i Vik kommune, med gode støttespelarar frå næringslivet, Vik kommune, Næringssamskipnaden, Vik sparebank, i tillegg til lokale lag og organisasjonar. Festivalen vert arrangert kvart år i august månad.

Festivalen starta i 2014 og er ein ikkje-kommersiell festival, noko som betyr at eit eventuelt overskot vil gå til nest års arrangement. Festivalen skal fremje satsinga på bringebær i Vik kommune, og fremje Vik som den største bringebærkommunen i landet.

Då det er mange utanlandske sesongarbeidarar som arbeidar innan bærproduksjonen i Vik om sommaren vert dette integrert i festivalen ved til dømes at programmet også vert skrive på polsk. Dei har òg eit fokus på kulturutveksling med desse sesongarbeidarane og andre kulturar i vik under festivalen.

I 2017 er det helga 18-20.august som er festivaldagar!

Meir om årets program finn du på nettsida deira.

Fres Festival

Fres Festival er ein musikkfestival som vert arrangert på garden Skau i Fresvik. Musikkfestivalen vart starta av to idealistar der den eine tilfeldigvis hadde tilgang til ein gard, gjennom blodsband. 2005 var det fyrste året festivalen vart arrangert, og den har berre vakse seg større sidan då, både i popularitet hjå besøkande og hjå artistar.

Festivalen tiltrekkjer seg over 400 besøkande frå alle aldersgrupper både lokalt og regionalt. Artistane kjem frå heile landet, men festivalen har eit godt vestlandsfokus.

Program for årets festival finn du på nettsida deira.

Nynorske litteraturdagar

Folkeleg – Raus – Levande


Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival som vart fyrst arrangert i 2006. Festivalen er fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer det årlege kulturarrangement. Målet er å etablera eit stort årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Med eit program som appellerer til ulike målgrupper, både i høve til alder og interesseområde. Nynorske litteraturdagar skal ha regional og nasjonal profil, tufta på ei solid lokal forankring. «Satsinga skal vera med på å byggja opp om ein positiv identitet, i høve til bruk av nynorsk og dialekt.»

1. januar 2015 vart festivalen Nynorske litteraturdagar ein del av Nærøyfjorden verdsarvpark.

Sjølv om det framleis er Aurland kommune som formelt eig festivalen, vert det no i all hovudsak Nærøyfjorden verdsarvpark som står for administrasjon og gjennomføring av arrangementet.

I år er festivalen helga 27-29. oktober - velkomen! 

Fotograf: Ane Olive Oppheim-Nynorske Litteraturdagar

P.I.L.S Foto:Ane Olive Oppheim

Lærdalsmarknaden

Lærdal vart tidleg ein plass for handel med det lette sambandet mellom aust og vest som gjekk gjennom bygda. Den fyrste marknaden gjekk føre seg i 1596 og varte då i heile 8 dagar, i 1836 kom det eit påbod som korta ned marknaden til fira dagar. Til marknaden i Lærdal kom det både bymenn og storbønder, og dei hadde eigne naust til varene sine på Øyri. Det var sal av lokale matvarer, og anna bruksting som var naudsynte i dei dagar.

 I 1876 vart det ved kongeleg resolusjon sett punktum for den gamle marknaden. Lokale eldsjeler starta opp att marknadstradisjonen i 1982, og no vert marknaden arrangert fast to gonger for året. «Lærdalsmarknaden» vert arrangert tredje helga i juni, og «Haustmarknaden» vert arrangert i månadsskifte september/oktober. Begge marknadene går framleis føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Det har vorte ein viktig samlingsstad i Sogn for lokale produsentar, kjøparar og ikkje minst for bygdefolket sjølve. Her kan folk handla og smaka på lokale varer,  oppleva utstillingar og nyta variert underhaldning frå scena.

I 2014 vart det for fyrste gong arrangert julemarknad på Øyri i Lærdal. 

Lærdalsmarknaden går av stabelen 16-18.juni 2017.

Du kan gå inn på marknaden si eiga heimeside her.

IMG_4392.JPG

Aurlandsmarknaden

Aurlandsmarknaden vart arrangert  for fyrste gong i 1997. Tankane bak marknadshelga var å «skapa liv og røre på vangen», og å lokka flest mogleg utflytte aurlendingar heim og samstundes få dei lokale aurlendingane til å bli verande i bygda  akkurat den helga.  Sidan 1997 har Aurlandsmarknaden vorte eit fast  innslag om sommaren. 

Besøk Aurland under marknaden - i 2017 går den av stabelen 30.juni-2.juli!

Gå inn på Aurlandsmarknaden si eiga heimeside for meir informasjon om neste marknadshelg. 

kvitost og skorakong  aurland naroyfjorden
Les om våre partnarar