Jurien har talt, vinnaren av fotokonkurransen "Å leva med Verdsarven" er......

Brita Underdal frå Undredal er vinnaren av fotokonkurransen«Å leva med Verdsarven»

Fotokonkurransen vart lyst ut sommaren 2015 i samband med 10 års-jubileet for verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap. Vilkåra for konkurransen var at bileta skulle reflektera temaet «Å leva med verdsarven», fotografiet skulle vera frå delområdet Nærøyfjorden – altså frå ein av verdsarvkommunane, Vik, Voss, Lærdal eller Aurland. Kvar deltakar kunne delta med tre bilete kvar.

- Juryen vart svært imponert over kvaliteten på bileta som vart sendt inn. Det kom inn over 100 bilete som synte korleis folk ser og opplever det å leva med verdsarven, seier parkforvaltar Linn-Janette Underdal Skarsbø.

Om vinnaren:

Brita Underdal er 25 år og kjem frå Undredal. Ho går for tida på landskapsarkitektur ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap på Ås. Ho er oppvaksen på geitegard i Undredal.

Juryen:

I grunngjevinga skriv juryen følgjande om fotografiet:

«Biletet «Bukkahenting» er ein klar vinnar med sitt harmoniske og gode uttrykk. Biletet fangar ei kvardagsleg arbeidsoppgåve for bønder i verdsarvområdet, og er godt komponert.»

 Premie:

Vinnaren får eit gåvekort frå Aurland Sparebank på 3000 kroner, i tillegg til eit reisestativ for kamera til ein verdi av 1199 kroner frå Fotograf senderud på Voss.

Andre og tredje plass:

Nr. 2. Gøran Johansen, «Undredalen». Juryen om biletet:  «Spennande komposisjon. Spenstig uttrykk. Kreativt.»

Nr. 3. Kari Mørkve Jordalen, «Villfarne sauer i Jordalstunellen».  Juryen om biletet: Godt bilete, tatt frå ein spennande vinkel og med god djupn.”

Les om våre partnarar