Tilskot til utsiktsrydding

Foto: Bengt Erlend Skjerdal

Foto: Bengt Erlend Skjerdal

Tilskot til utsiktsrydding knytt til jordbruket sitt kulturlandskap skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap. Sogn og Fjordane har vel 9,2 mill kr til utsiktsrydding i 2017.

Alle føretak som er registrert i Einingsregisteret og som ønskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt til landbruket sitt kulturlandskap kan søkje på ordninga. Dersom søkjar ikkje er grunneigar eller rettshavar, må det føreligge skriftleg løyve til tiltaket frå desse.

Søkjarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunane sender si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot.

I 2017 vert søknadane handsama fortløpande etterkvart som dei kjem inn inntil midlane er fordelte, men siste søknadsfrist for handsamming i 2017 er sett til 1. desember.

Meir informasjon finn de på nettsida vår om utsiktsrydding

Eksternt skjema: https://www.slf.dep.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utsiktsrydding-i-kulturlandskapet/skjema 

Kontaktpersonar

Les om våre partnarar