Til Verdsarvparken sine partnarar, stiftarar og andre samarbeidspartar

Verdsarvparken sin årlege handlings- og tiltaksplan er eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane  (kommunane og fylkeskommunen) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen. 

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidetprioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i Parkplanen:

 -SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2017 ber vi no om innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år. 

Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no

Her finn du skjema og retningslinger:

Innspel til handlingsplan

Retningslinjer handlingsplan

Frist for innsending er sett til fredag 2. desember 2016. 

Utkast til handlingsplan vert vidare lagt fram for arbeidsutvalet til drøfting/ uttale den 15. desember. Endeleg handsaming i Parkstyret den 6. januar 2017. Ved evt. spørsmål  ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen. 

Sjå òg gjerne innom heimesidene våre:  http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor de og finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen. 

 

 

Les om våre partnarar