Tepper frå Aurland til heimar verda rundt

 

Ingeborg Breisnes Lunde gjer noko som ikkje på langt nær alle kan, nokon vil å seie at det er ein døyande kunst. Ho har emna til å veva dei flottaste motiva og formidle ei historie gjennom desse bileta. Ho har kundar i alle verdshjørne og teppe laga i stova hennar heng no på vegger eller ligg fint på bord i heile 38 statar i USA, ho har eit mål om å selja til dei 14 andre statane òg.  

Men kven er denne Bestemora som sit oppe ved Lunde Camping og skapar desse bileta, og korleis starta det heile? Me tok oss ein tur opp på Lunde for å slå av ein prat med Ingeborg.  

Sjølv om Ingeborg no har runda 86 år er ho framleis aktiv, både med veven og elles. Det er noko ho har vore heile livet, og ho fortel godt om ei livshistorie litt utanom det vanlege, spesielt for nokon som vaks opp ved Sognefjorden på 30-talet. Det er jo ikkje alle som fekk arbeida i eit engelsk herskapshus då dei var ung, og dette gjorde Ingeborg frå 1950 til 1952. I utgangspunktet skulle ho arbeida som tenestejenta men då dei oppdaga at ho var ein kløppar i engelsk vart ho i staden ein assistent for sekretæren til Lorden  og Lady av huset. Engelsk lærte ho frå flinke lektorar på den vidaregåande skulen som var i Aurland. I tillegg til engelsk snakkar Ingeborg òg tysk..

 I 1952 flytta ho heim att til Aurland der ho seinare vart gift til garden på Lunde.  

I 1967 opna vegen over til Lærdal og same året byrja dei opp med camping på Lunde, fyrste natta hadde dei allereie 11 gjester. Dei betalte 4 kroner og 50 ører natta for mann, bil og vogn eller telt. Hadde dei kona med vart det 50 ører i tillegg. Born under 16 år var gratis. Skilnaden frå dagens kursar er stor, men så har mykje endra seg sidan dess, men ein ting er sikkert og det er at Aurland allereie då var ein godt etablert turistattraksjon. Det var turistar frå Bergen som fyrst spurte etter vevde ting, foreldre deira hadde nemleg kjøpt liknande i Aurland under krigen. Sidan det var 20 år etter krigen var over var mange av dei gamle vevarane allereie vekke eller gamle, og nye hadde ikkje kome til. Det vart difor starta opp eit vevkurs i regi av Bondekvinnelaget med Gina Aasen som lærarmeistar. På kurset var det heile 20 påmeldte deltakarar men desse ville ikkje produsera for å selja så Ingeborg måtte byrja å veva sjølv, dette var starten på historia om vevstova. Det vart òg starta opp eit lokalt husflidlag med mange flinke og utdanna medlemmar, mange som framleis held koken. Det vart òg samla inn gamle mønster frå distriktet, for å føra kulturarven vidare. 

Eg brukar ikkje mønster- komponerer etter kvart
— http://www.aurland.com/felles/kultur/Bestemors.htm

På 70-talet fekk Ingeborg ein visjon om å veva eit teppe som ingen trudde kunne vevast, ved bruk av ein ny teknikk, kalla «Nyvri» eller på engelsk «My way». Det som er spesielt med teknikken «Nyvri» er at ein trer opp mønsteret på ein anna måte og ein legg til fleire trøe. Mønstera sjølve rekna Ingeborg ut i hovudet og bileta skal ha ein meining og kunne fortelja noko. På kvart teppe går det mange 100 timar med arbeid.  Ingeborg lika at teppa har eit innhald og alle har sin unike meining og mønster, ingen vert sjåande like ut. Ho likar òg å bruka fargar, då dette er med på å forsterka meininga bak bileta.

Ingeborg har ein stor katalog med unike tepper som alle har ein historie, men det er spesielt to tepper eller samlingar me vil trekkje fram no, begge i samtida men på forskjellige måtar.

 

«Fredsteppe»

Politikarar over heile verda snakkar alltid om «Fred utan krig» gjennom felles møteplassar og dialog, der alle verdshjørna skal vera representerte. Dette var inspirasjonen bak visjonen om «Fredsteppet», ei samling med tre tepper som symbolisera møteplass (enkel X) og dialog (x med tverrstrek oppe og nede). Symbola henta frå det 5000 år gamle sumeriske skriftspråket. Fargane som er brukt er òg viktige, gul tyder tru, grøn er håp og raud symbolisera kjærleik. Kanskje noko me bør reflektera litt over i desse tider.

Eit av bileta fortel og litt om korleis nokon kan trekkje ein raud tråd gjennom si eiga oppleving av noko og gje det ein meining. Då nokre amerikanarar var på besøk i vevstova for nokre år sida så lurte dei på korleis Ingeborg vevde dei bileta, om det var tradisjonell måte eller noko nytt. Då sa ho at det var «My way» (som forklaring på «Nyvri»), noko som fekk dei til å tenkja på ingen andre enn Frank Sinatra. I år er det jo òg 100 år sidan «Ol’ blue eyes» vart fødd og i samband med eit program om dette fekk Ingeborg til å tenkja på eit spesielt teppe. Eit teppe som både reflektera dei blåe augo til  Frank Sinatra og ei rosa som markera dei 100 åra som har gått sidan han vart fødd.

Bestemors vevstove representera verkeleg noko unikt,  det gjev oss eit innblikk i kulturhistoria og korleis den kan takast vidare inn i framtida. Stova er kjent over heile verda, og vert blant anna promotert som ein heilt spesiell attraksjon og produkt i Beijing. Ingeborg får òg  tilsendt kort og brev frå nøgde kundar frå heila verda, frå Japan til Alaska, og frå Taiwan til Ukraina. Og ikkje minst 38 av dei 52 statane i USA. 

Lurar du på kva du kan finna Ingeborg og Bestemors Vevstova så finn du både ho og stova på motsatt side av Lunde Camping i Aurland. 

 
Utval tepper frå Bestemors vevstove i Aurland
Fredsteppe som symboliserar møteplass og dialog

Fredsteppe som symboliserar møteplass og dialog

Frank Sinatra "Ol' blue eyes" teppet 

Frank Sinatra "Ol' blue eyes" teppet 

Les om våre partnarar