Søknadsfrist for SMIL-midlar!

Kulturlandskap.jpg

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Nærings – og miljøtiltak i skogbruket NMSK

Søknadsfrist: 15.april

Søknaden skal sendast kommunen på gjeldande søknadsskjema.

 Strategien for tildeling avSMIL-midlar er under revidering, ny strategi skal gjelda frå tildelinga av SMIL-midlar i 2017

Hovudmålsettinga med SMIL-midlane er å stimulere til utnytting og ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukslandskapet og i skogen samt redusera ureininga frå landbruket. Det kan søkast om tilskot til konkrete tiltak mot ureining, vegetasjonskontroll i attgrodd landskap, tiltak for ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminneverdiar, til ferdselsårar på eigedomar med aktivt landbruk, utvendig restaurering av verneverdige bygningar og utarbeiding av planar for gjennomføring av aktuelle tiltak som kan vera aktuelle for tildeling av SMIL-midlar. Nytt frå 2013 er tilskot til drenering. Det er eige søknadsskjema og søknadsfrist for denne ordninga. Søknadsfrist er 1.juni.

Tilgjengelege midlar det einskilde år i høve til søknadsmasse vil væra avgjerande for støttenivå. Det vert lagt opp til å støtte godkjende søknadsobjekt. Om det er lite midlar i forhold til behovet, må støtta til kvar søknad reduserast eller utsetjast til seinare. Tilskot til restaurering av bygningar vert avgrensa til maksimalt 35% av godkjent kostnadsoverslag for utvendige reparasjonar.

Før kommunen kan tilvise utbetaling av løyvde midlar, må det liggje føre skriftleg oppmoding om utbetaling frå søkjar. Delar av tilskot til prosjekt kan utbetalast som forskot. Minst 25 % av tilskotet skal haldast att til arbeidet er fullført og det ligg føre sluttrekneskap.

Det er og midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Ta kontakt med oss om dette er aktuelt.

Spørsmål kan rettast til Felles Landbrukskontor ÅLA, tlf 57641200.

Les om våre partnarar