Søknadsfrist for midlar til turstiprosjekt-15. februar 2016!

Føremålet med det nasjonale «Turskiltprosjektet» er å medverke til at friluftsferdselen der folk bur og oppheld seg, vert auka og tryggja.

Det vil vi gjere gjennom informasjon, skilting og merking. Dette inneber at fylkeskommunen saman med Gjensidigestiftelsen har sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i Sogn og Fjordane. Det er, for Sogn og Fjordane sin del, ei vidareføring av Vestlandsprosjektet for merking og gradering av turløyper, som starta opp i 2011.

Merk: Søknadsfrist er 15. februar!!, kvart årHer er lenkje til søknadsskjema

Kven kan søkje?

  • Frivijuge organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speidarforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv) registrert med organisasjonsnummer i det offentlige friviljugheitsregisteret.
  • Interkommunale friluftsråd.
  • Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeiningar og andre interessentar kan søkje saman med ein frivijuge organisasjon(kategori1) el. eit interkommunalt friluftsråd(kategori2).

Kva vert støtta?

Prosjektmidlane skal gå til merking og skilting av turruter i tråd med:

  • Merkehåndboka 2013– utg.: Den Norske Turistforening, Friluftsrådenes Landsforbund og Innovasjon Norge, 2013 - www.merkehandboka.no 
  • «Manual – Turskiltprosjektet», Turskiltprosjektet 2015 - www.turskiltprosjektet.no 

Merkestandarden og manualen byggjer på Merkehåndbokas retningsliner og råd for skilting og merking, samt eit verkty for gradering som tar omsyn til vanskegrad.

Støtta går berre til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkludert innfestingsmateriell/anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort, sjå Manual – Turskiltprosjektet. Det vert ikkje gjeve støtte til anna infomateriell, utbetring av sjølve turruta, marknadsføring eller til planlegging.

Alle typar turruter som er omtalt i Merkehåndboka kan få støtte.

Meir (og viktig informasjon) finn dykk på heimesida til Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

For eventuelle spørsmål kan desse rettast til Stig Vattekar ved avdeling for plan og samfunn:

Stig Vattekar

rådgjevar, plan og samfunnsavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger

www.sfj.no | Stig.Vattekar@sfj.no

sentralbord: +47 57638000 | mob: +47 97189995

 

 

 

Les om våre partnarar