Seminar "Kulturlandskap i fare"

De sju søstre

De sju søstre

Nærmare 80 personar deltok på seminaret om kulturlandskapet i verdsarven Vestnorsk fjordlandskap, og korleis ein kan skjøtte det og hindre attgroing i framtida.

Småskala, husdyrbasert landbruk med dyr på beite er avgjerande for eit levande kulturlandskap, og det er viktig at dei bøndene som er att vert stimulerte til å drive vidare. Endå viktigare er det at nye generasjonar ser at det kan vere mogleg å ha eit livsgrunnlag basert på landbruk i verdsarvområdet. Bøndene i området peika på at eksisterande ordningar er viktige (areal- og beitetilskot), og at desse må styrkast, samt at ein må få på plass investeringstilskot.

Vi er glade for at samtlege av politikarane som deltok vil gjere ein innsats for å stimulere det aktive landbruket i og kring verdsarvområdet. Dette er den beste løysinga for å sikre eit velstelt kulturlandskap i framtida.

Presentasjonane frå seminaret finn du her:

 

 

Les om våre partnarar