Riksantikvaren løyver kr. 3 750 000.- til restaurering av D/S «Stavenes» i 2016.

Gratulera til partnaren vår Veteranskibslaget Stavenes med ei løyving på kr. 3 750 000,- til restaurering av skipet. 

I grunngjevinga for tildeling står det:» D/S «Stavenes» vart levert frå Bergens Mek. Verksted i 1904 til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, som er Norges eldste lokalskipsreiarlag, skipa i 1858. Skipet har ei alderdomleg konstruksjon og utføring.»

Ved tildelinga vart det lagt vekt på følgjande:

D/S Stavenes
  •  «Skipet har ålmenn interesse og vil være offentleg tilgjengeleg.
  • Skipet er av ein type som var vanleg langs heile kysten, men som det no finst få att av.
  • Skipet har tilknytning til verdsarv-området Nærøyfjorden og det er særlege opplevingsverdiar knytte til fartøyet.
  • Det er stort lokalt engasjement kring skipet med ein omfattande dugnadsinnsats og har lokal / regional finansiering.
  •   Eigarorganisasjonen har i mange år synt økonomisk gjennomføringsvilje – og evne
  •  Arbeidet starta i 1991, dei siste 8 åra med tilskot frå Riksantikvaren. Det er no viktig å fullføre prosjektet og få skipet i drift.»
D/S Stavenes

Dei tildelte midlane vil vera nok til at båten om få måneder går for eigen dampmaskin, og at arbeider som er med og legg til rette for at innredning av salongar og lugarar kjem i gang. «Stavenes» har sidan november lagt i tørrdokken hos Noryards BMV Laksevåg for bunnsjau og arbeider med skrog, ror og propell. Frå Laksevåg fekk FSF i 1888 levert D/S «Alden». Etter nyttår kom båten på sjø, og no vert det arbeid for fullt både i maskinrom og andre stader om bord. I tillegg til verkstadsarbeid vert det også utført mykje dugnadsarbeid ombord.

Veteranskibslaget er òg aktive på facebook, visst du ynskjer siste nytt om deira aktivitet så er det lurt å følge dei der. 



Les om våre partnarar