Pressemelding

                                                                       

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremje verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.
Rådet skal sikre samordning og medverke til naudsynt informasjonsutveksling mellom lokale, regional og nasjonale aktørar i dei to delområda. Rådet har som målsetjing å vere ein viktig arena for drøfting, rådgjeving og avklaring i saker for oppfylging av verdsarvstatusen. Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjorden- og Nærøyfjorden med omland vart i 2005 innskriven på UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv – sjå www.verdensarv.com

Ein milepæl for forvaltinga av verdsarvfjordane

Representantar for verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap hadde sist veke møte med Sjøfartsdirektoratet for gjennomgang og utdjuping av deira rapport «Utslipp til luft og sjø frå skipsfart i fjordområder med store cruisetrafikk». Verdsarvrådet er svært nøgd med at det no er gjennomført ei kartlegging som gir grunnlag for ein fakta- og kunnskapsbasert diskusjon av tilhøva i verdsarvfjordane. Kunnskapen gjer det enklare å ta stilling til kva tiltak som bør iverksetjast, og difor er rapporten er eit godt grunnlag for å få på plass konkrete tiltak som kan betre forvaltinga av verdsarvfjordane.
Verdsarvrådet er elles svært godt nøgd med at Sjøfartsdirektoratet kjem med konkrete framlegg til tiltak for å redusere utslepp og negativ påverknad på miljøet i verdsarvfjordane.

  • Krav om at skip skal ha eit NOx-utslepp som ikkje overstig verdiane gjeve i MARPOL Vedlegg VI, regel 13.4 (Tier II) innan 2018, og regel 13.5 (Tier III) innan 2020.
  • Berre løyve til bruk av drivstoff med lågt svovelinnehald, uavhengig av om skip har rensesystem (scrubber) eller ikkje.
  • Synleg utslepp frå skip skal ikkje ha tettleik som reduserer gjennomsiktigheita med meir enn 50 % under kaldstart eller 10 % under seglas.
  • Rapporteringskrav vert innført for alle skip som går inn verdsarvfjordane.
  • Redusere talet på skipsanløp totalt eller per dag/veke.
  • Fastsetjing av maksimale hastigheiter i definerte soner i fjordane for å halde forbruket av drivstoff og utslepp til eit minimum.
  • Forbod mot utslepp av scrubbervatn
  • Forbod mot utslepp av gråvatn
  • Forbod mot utslepp av kloakk, urensa og rensa.

Rådet ynskjer at flest mogleg av desse tiltaka vert sette i verk snarast mogleg. Samstundes er
det viktig at alle tiltak vert føreseielege, og at næringa har rimeleg tid til omstilling. Det må
likevel ikkje vere tvil om at vi må få ei meir berekraftig forvalting av verdsarvfjordane, og at
det må setjast press for å få ei grønare utvikling. Verdsarvrådet minner om at fjordane våre
står på UNESCOs verdsarvliste som eit av dei vakraste områda i verda. Då må ivaretakinga
stå i stil med verdiane!

Ein annan viktig del av arbeidet har vore å få kartlagt alle organa som har eit ansvar for
forvaltinga av verdsarvfjordane. Verdsarvrådet har tidlegare peika på at forvaltinga er
fragmentert og uoversikteleg, og vi saknar eit forvaltingsorgan med total oversikt og mynde
til å iverksetje tiltak ut frå eit heilskapsperspektiv.


På grunnlag av kartlegginga, skriv Sjøfartsdirektoratet at dei meiner forvaltinga av
verdsarvområda hadde vore tent med at all forvalting vart samla i eitt organ med ei
overordna avgjerdsmynde.
Verdsarvrådet helsar ei slik løysing velkomen, men understrekar at eit nytt forvaltingsregime
minimum bør liggje på regionalt nivå, i alle høve fram til systemet er godt etablert.

Rådet har høge forventingar til at vi vidare skal nærme oss statsparten sin ambisjon for
verdsarvområda: «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste
praksisen innanfor natur- og kulturminneforvaltinga» (St.meld. 35).
Verdsarvrådet
forventar at Miljødirektoratet framover tek ei tydlegare rolle i denne saka, og at Klima og
miljødepartementet tek ei leiande rolle for å få god framdrift. Vi må stå samla for å oppnå ei
klar forbetring av forvaltinga av verdsarvfjordane, i tråd med ambisjonane hjå statsparten.


Hans Erik Ringkjøb                                             Jan Ove Tryggestad
Leiar i Verdsarvrådet, ordførar i Voss                Nestleiar i Verdsarvrådet, ordførar i Stranda
Mobil: 971 38 720                                                Mobil: 464 11 001


Kontaktinfo Verdsarvsekretariatet:
Sekretariat Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap/Sekretariat Nærøyfjordområdet:
Erling Oppheim, Tlf: 95 17 25 95, Epost: erling@naroyfjorden.no
Sekretariat Geirangerfjordområdet:
Merete L. Rønneberg , Tlf: 95 42 73 90, Epost: merete@verdsarvfjord.no

 

Les om våre partnarar