Nytt styre for Nærøyfjorden Verdsarvpark!

Onsdag 13. januar vart årets fyrste styremøte for Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangert på Flåmsbrygga i Aurland kommune.

I tillegg til val av ny styreleiar var det òg ein del nye ansikt som var med på møtet for fyrste gong frå både verdsarvkommunane og fylkeskommunen i etterkant av valget hausten 2015. 

 

 

STYRET

Styret er samansett av i alt 9 personar. Vedtektene fastset at 5 av desse skal peikast ut av stiftarane. Dei øvrige 4 skal peikast ut av parkmøtet.

Styret for 2016 er samansett slik:
- Styreleiar Olav Turvoll, ordførar Vik kommune
- Styrenestleiar Leif-Inge Underdal, Undredal Oppleving
- Styremedlem Aud Irene Ramshus, Formannskapsmedlem Lærdal kommune
- Styremedlem Leiv Jarle Bergheim, varaordførar Aurland kommune  
- Styremedlem Hans Erik Ringkjøb, ordførar Voss kommune
- Styremedlem Åshild Kjelsnes fylkesvaraordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune
- Styremedlem Erling Brandseth, Stalheim Landskapspark
- Styremedlem Dee Cunningham, Fresvik Bygdelag
- Styremedlem Solveig Grøthe, Lærdal Barne- og Ungdomsskule

Styreleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark Olav Turvoll, Ordførar Vik kommune.

Styreleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark Olav Turvoll, Ordførar Vik kommune.

Les om våre partnarar