Nytilsett prosjektleiar for satsinga "Vandring og verdiskaping"

Bengt Erlend Skjerdal (32) er nyleg tilsett som prosjektleiar for Parken si 3-årige satsing på "Vandring og verdiskaping". Prosjektet har som siktemål å  fremje, planlegge, organisere og sikre gjennomføring av koordinerte og prioriterte tiltak og aktivitetar knytt til vedlikehald, istandsetjing, rydding og skilting  av turvegar og etablering av innfallsportar i Verdsarvparken. 

Bengt Erlend er oppvaksen på gard i Skjerdal; ivrig friluftsmann og jeger. Etter eige utsagn i overkant interessert i fotball. Engasjert politikar og fast medlem av kommunestyret.  Utdanna landskapsplanleggar frå Høgskulen i Sogndal i  tillegg til anleggsgartnar frå Hjeltnes gartnarskule.  

 

Ta gjerne kontakt på tlf.  951 72 534eller epost bengterlend@naroyfjorden.no 

Les om våre partnarar