Midlar til "Draumeplassen"

Foto: Gry Mørk

Foto: Gry Mørk

Verdsarvparken er ein av dei fem heldige vinnarane i fylket vårt av midlar frå Gjensidigestiftelsen og 4H Sogn og Fjordane til å skape ein draumeplass i naturen.

Plassen skal skapast i ein skogsteig i Flatedalen i Flåmsdalen, rett ved Rallarvegen, og gje rom for ulike aktivitetar, opplevingar og læring knytt til naturen her.

Me ynskjer å skape ein plass for alle, som kan nyttast heile året gjennom. Meir informasjon om dette prosjektet kjem etter kvart.

 

Les om våre partnarar