Ledig stilling som Prosjektleiar.

Nærøyfjorden Verdsarvpark har no for snarleg tilsetjing, Ledig stilling som prosjektleiar. 

Nærøyfjorden Verdsarvpark søkjer etter ein person med allsidig kompetanse og god røynsle frå 
organisering og gjennomføring av større kulturarrangement og - festivalar. I tillegg vil stillinga få ansvar for Parken sitt samla interne og eksterne informasjons- og kommunikasjonsarbeid. 
Fylgjande to sentrale arbeidsfelt ligg til stillinga:


A.  Nynorske litteraturdagar (40 %)

  • dagleg leiing av arrangementet Nynorske LItteraturdagar (NL). 
  • I dette ligg m.a. førebuing, planlegging og gjennomføring av arrangementet. 
  • Sekretær for festivalstyret for NL.

B.  Informasjonsansvarleg. (60%) 

  • Ivareta, utvikle og styrkje Parken sitt informasjons-, marknadsførings-, og profileringsarbeid gjennom nettsider, sosiale og andre media, møteplassar mv. 
  • Kontakt mot og oppfølging av Parken sine partnarar.
  • Fylgje opp Parken si vertskapssatsing. 


Arbeidsoppgåvene omfattar stor grad av samarbeid med andre tilsette, festivalstyret for NL, lag/ organisasjonar og verksemder.  Evne og vilje til samarbeid og kommunikasjon er difor ein viktig føresetnad. Erfaring frå sakshandsaming og søknadsrelatert arbeid vil vere ein fordel. God evne til munnleg og skriftleg framstilling. Du bør elles vere fleksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig, stor arbeidskapasitet, vere energisk/initiativrik, løysingsorientert og i stand til å motivere andre til innsats. 

Du må disponere eigen bil.  

Verdsarvparken nyttar nynorsk som målform.

Vi kan tilby deg trivelege, utfordrande og utviklande oppgåver i eit spanande landskap. Kommunen har god barnehagedekning, og Parken kan hjelpe til med å skaffe høveleg bustad. Løn etter avtale.For nærare informasjon ta kontakt med dagleg leiar  Erling Oppheim  på tlf. 576 32 909/95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Skriftleg søknad med CV vert å sende til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Heradshuset. Helabrotet 2A , 5745 Aurland eller til post@naroyfjorden.no så snart som råd er, og seinast innan 4. mai 2016. 

PDF-fil med fullstendig utlysning kan du lasta ned her. 

Les om våre partnarar