Ledig Stilling prosjektleiar- vandring og verdiskaping

Nærøyfjorden Verdsarvpark har for snarleg tilsetjing ledig stilling som Prosjektleiar - vandring og verdiskaping. Stillinga er i fyrste omgang eit 2-årig engasjement med mulig forlenging utover prosjektperioden.

Kort om prosjektet  sine målsetjingar: 

1. Fremje/ planlegge/organisere og sikre gjennomføring av koordinerte/ prioriterte tiltak og aktivitetar knytt til vedlikehald/ istandsetjing/ rydding og skilting (pilskilt/ infotavler) av turvegar og etablering av dørheller (infallsportar) i Verdsarvparken generelt og Aurlandsdalen spesielt.

2. Vere pådrivar og støtte for auka marknadsføring, utvikling/bruk og verdiskaping knytt til vandring.

3. Ta hand om/ koordinere akutte tiltak i Aurlandsdalen knytt til ras/ steinsprang.

4. Ivareta sekretær-/ koordinatorfunksjonen for arbeids- og styringsgruppa for Aurlandsdalen samt sikre samhandling mellom lag/ organisasjonar,reiselivsverksemder og reisemålsselskap i Parkregionen.

For nærare informasjon ta kontakt med dagleg leiar  Erling Oppheim  på tlf. 576 32 909/95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Les om våre partnarar