Lansering av rettleier for forvaltning av kulturminne i område verna etter naturmangfaldlova

Riksantikvaren og Miljødirektoratet har utarbeida ein rettleier som informera om korleis kulturminne i verna områder skal forvaltast. Dokumentet skal avklara korleis kulturminna er beskytta i verneområda, og kva ansvar forvaltningsmyndigheita har for å ivareta kulturminne i forvaltninga av verneområda. Rettleiingsdokumentet rettar seg særskilt mot forvaltarar av nasjonalparkar og andre verneområde, men kan òg vera nyttig for medlem av nasjonalpark- og verneområdestyre og for tilsette i kommune, hjå fylkesmannen, i fylkeskommunen og Sametinget.

I prosessen i utarbeidinga av rettleiingsdokumentet var Verneområdeforvaltar for Nærøyfjorden og Stølsheimen Anbjørg Nornes involvert.  Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden, er sett saman av fleire verneområde av ulik kategori, samt busette området utanfor vern etter naturvernelov,  og det er desse verneområda Anbjørg Nornes er Verneområdeforvaltar for.   Meir informasjon om verneområda innanfor verdsarvområdet kan du finne her.

Meir informasjon om Verneområdet Nærøyfjorden og Stølsheimen finn du her.

Rettleiingsdokumentet for forvaltning av kulturminne i område verna etter naturmangfaldlova kan du lasta ned her. 

Les om våre partnarar