Kurs i søknadsskriving

Skal du søkje om tilskot til kulturminne i verdsarvområdet i Nærøyfjorden? Fylkeskommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark hjelper deg med søknaden 24. november.

Kvart år fordeler Sogn og Fjordane fylkeskommune tilskot til istandsetjing av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Fristen for å sende søknad om tilskot er 1. desember 2016. Du finn meir informasjon om tilskotsordninga her.

Todelt kurs

Kurset i søknadsskriving vert på Heradshuset i Aurland 24. november kl. 18.00.

Del 1.    Velkommen v/verdsarvparken

  • Gjennomgangav tilskotsordninga Tilskot til verdsarven – v/Arlen Bidne, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Informasjon om andre tilskotsordningar til restaurering – v/Gry Mørk, Nærøyfjorden Verdsarvpark

Del 2.    Arbeid med eigen søknad

  • Oppretting av brukarkonto på regionalforvaltning.no
  • Skriving av søknad

Ta med pc for å arbeide med søknaden. Det er òg lurt å ha med kostnadsoverslag frå utøvande handverkar på kva omsøkt tiltak vil koste, slik at du kan bruke det som grunnlag for søknaden. Foto av kulturminnet og skadane som skal utbetrast er også lurt å ha med.

Meld deg på til arlen.synnove.bidne@sfj.no innan 22. november 2016. 

For meir informasjon

Arlen Synnøve Bidne
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

Les om våre partnarar