Hugs påmelding til Grøn fjord 2018!

viktigpåminning.jpg

Me minner om at det er på tide å melde seg på Grøn fjord konferansen 2018, som går føre seg 8-9 februar i Geiranger. Informasjon om program og påmelding finn du her:

Grøn fjord 2018

Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?» 

Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag! 

Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!

Ønsker du tilsendt FAKTURA for konferansen, så må påmelding skje skriftleg via epost til einar@verdsarvfjord.no   

Les om våre partnarar