Gaute Gneis i Lærdal!

Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv har gjeve boka «Gaute gneis får eit oppdrag» i gåve til skular og barnehagar i verdsarvkommunane. Ordførar i Lærdal saman med kommunalsjef for oppvekst, var på besøk og delte ut boka til skulane og barnehagane i Lærdal. Dei sender helsing og takk attende til oss :) 

«Gaute gneis får eit oppdrag» er ei bok om fantasiriket Fjordheimen, der det bur merkelege skapningar som eigentleg er bergartar, mineral, elver og isbrear.
Fjordheimen er og namnet på  barneformidlingsprosjektet til Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv. Dette er eit prosjekt som tek sikte på å fortelja kvifor det er viktig å ta vare på verdsarven vår – Vestnorsk fjordlandskap. 

Me takkar for helsinga - og vonar de vil finne boka spanande og lærerik!
 

Les om våre partnarar