Grøn fjord konferansen 2018

 Foto: Sverre Hjørnevik

Foto: Sverre Hjørnevik

Bli med på GRØN FJORD KONFERANSEN 2018! Årets konferanse har fått tittelen: «Verdsarvfjordane - Noregs framtidige, GRØNE FYRTÅRN?» Den 8.-9. februar 2018 arrangerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong GRØN FJORD - KONFERANSEN. Denne gongen får konferansen ei fantastisk opptakt gjennom ein båttur frå Ålesund inn Geirangerfjorden. «Vision of the Fjords» - ein hybridbåt bygd av verftet Brødrene Aa i Sogn og Fjordane – har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar for innovasjon og design. Mellom anna vart båten frå reiarlaget The Fjords kåra til «Ship of the year» på verdas største skipsfartsmesse i Hamburg i 2016. Aldri før har ein passasjerbåt av ein slik størrelse sigla inn Geirangerfjorden, på ein slik miljøvennleg måte – elektrisk (hybrid), lydlaust, historisk og tilnærma sporlaust! Denne pilot – turen vil du ikkje gå glipp av! 

Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?» 

Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag! 

Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!

Ønsker du tilsendt FAKTURA for konferansen, så må påmelding skje skriftleg via epost til einar@verdsarvfjord.no 

NB! Det er begrensa plassar på båten og konferansen, så ver raskt ute å bestille plass om du vil sikre deg deltaking, det kan verte rift om plassane! 
Programmet finner du her: fjordsenter.com/wp-content/uploads/2018/01/gron-fjord-konferansen-2018.pdf 

 

Les om våre partnarar